Brekkesvingen i Syvde (ny)

Vanylven
706
Besøk
2,83
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Dette er ein kort og grei tur på velhalden grusa skogsveg frå Brekke og opp til sving nr 2 på vegen. Denne svingen er det beste utsiktspunktet på skogsbilvegen.

Turbeskrivelse

Vel framme i Brekkesvingen ser ein kulturlandskapet på Brekke og Myklebust som er ei av dei 2 store landbruksflatene i Syvde, og vidare utover ser ein Syvdefjorden og områda rundt fjorden. Skogsvegen er vanlegvis i så god forfatning at ein kan både gå og sykle turen, og ein tur med barnevogn vil truleg også gå bra. Dette er ein lang motbakke, men den er ikkje veldig bratt. I svingen er det plassert ein turpost.


Denne turen er ein del av http://morotur.no/Morotur/Turar/Skogsveg-Brekke-Roefsdalen som er ei lenger runde i området frå Brekka og framover Røfsdalen. I Brekkesvingen er det skilta mot Seten. Dette er ein relativt bratt tur opp til fjellet Seten. Der er det flat rygg eit stykke for ein litt bratt overgang til Kyrfjellet. Frå Kyrfjellet er det lettgått terreng vidare til Øverberg om ein ynskjer å prøve den ruta.


For å kome til startpunktet på turen tek ein av frå hovudvegen der det er skilta mot Saurdal 450 meter sørvest for kyrkja i Syvde. Køyr sørover i 1 km. Då kjem ein til eit kryss der det ikkje er skilta. Ta til høgre i retning Saurdalen på asfaltert veg. Tek ein feil i krysset kjem ein etter kvart til Røfsdalen (Ripsdalen) med grusveg. Når ein nærmar seg startpunktet ser ein Saurdalsvatnet på høgre side av vegen, og startpunktet er nokre få meter forbi den første kufella (ferista) på veg mot Saurdalen. Avstanden frå hovudvegen og fram til startpunktet er 1,8 km.

Adkomst og parkering

Vanlegvis går det greitt å parkere ved starten av skogsvegen. Viss ein parkerer ved starten av skogsvegen er det VIKTIG å ikkje parkere slik at ein hindrar bruk av porten ved sida av ferista (kufella). Gjer ein det hindrar ein t.d. at hestar kan gå gjennom porten. Ein kan eventuelt parkere i Syvde sentrum og gå vegen over Myklebust.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 2,8
Lengde tur/retur (km) 2,83
Lengde en vei (km) 1,41
Stigning Meter Grader
Total stigning 139 Høydemeter

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Tommas. Prozenko 62
Janne nesje Eikrem 46
Berit Løvoll Strand 23
Evelyn Midtbø 18
John Willy Klungre 13
Thomas Jayson Lille-Rovde 9
Bodil Holsvik 9
Hanne Lise Reite 9
Anne Reidun Nordal 8
Olrun Vada 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 4
25. oktober 4
24. oktober 2
23. oktober 3
22. oktober 3
21. oktober 2
20. oktober 1
19. oktober 5
18. oktober 1
17. oktober 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: