Borgundkollen (ny)

Sykkylven
1099
Besøk
4,15
km tur/retur
blå

Kort om turen

Dette er ein fin tur; frå Heiane til Borgundkollen . Turen er variert og gir flott utsyn både mot Sunnmørsalpane og Sunnmørsøyane. 

Turbeskrivelse

I samband med utbygging av ny kraftline, har det komt veg til Heiane. Parker der vegen er på det høgste punktet . Gå over vegen og kryss ei myr på klopper og sikt deg inn på ei mast rett over myra. Her finn du stien som du skal følge oppover ryggen. Stien har litt stigning før han flatar ut oppå ryggen. Når du er ferdig med ryggen, startar den brattaste delen av turen. Der stien deler seg (N62° 22.230' E6° 38.589'), skal du halde til høgre. Når du nærmar deg toppen, flatar det litt ut igjen. Ta deg tid til å nyte utsikta frå toppen.

Adkomst og parkering

Like vest for Sykkylven kyrkje, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Herifrå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen mot den nye kraftstasjonen (asfaltveg). Følg vegen til høgste punktet og set frå deg bilen på parkeringsplassen her.

Viktig: Om her ikkje er ledig plass, er det ein stor parkeringsplass like før kraftsstasjonen lenger framme og nedover på høgre side.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,15
Lengde en vei (km) 2,08
Stigning Meter Grader
Total stigning 393 Høydemeter

Kart

Turglede Sykkylven

Flest besøk 2020

Navn Besøk
Jan Inge Espe 60
Jens Arne Grebstad 49
Erling Eliassen 42
Marianne Dale Espe 32
Tor Einar Steinsvik 31
Frank Andersen 29
Lisa Schmidt 26
Karl Fredrik Vik 23
STIG ROMULD 15
Marianne Fløttum 14

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. september 12
26. september 13
25. september 7
24. september 3
23. september 4
22. september 3
21. september 5
20. september 6
19. september 8
18. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: