Andaneset

Volda
4980
Besøk
0,53
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig

Kort om turen

Turen rundt friluftsområdet på Andaneset er ein kort tur som er lett tilgjengelig frå Volda sentrum. På Andaneset er det fine berg å sole seg på eller fiske i frå eller ein kan sitje på ein av benkane som er plassert i området og nyte det fantastiske fjordlandskapet. Ta gjerne turen også i ruskevèr då dette kan gje deg fine naturopplevingar. 

Turbeskrivelse

Turstien startar på nedsida av Andanesvegen. Følg skiltinga og den gruslagte turvegen ned mot sjøen. Langs turstien finn du fleire sittebenkar og utsynspunkt. På det lågaste punktet langs turstien ligg eit gamalt badehus. På ytterveggen her finn du postkassa og turkoden. Omtrent 50 meter etter badehuset stoppar turvegen pr dags dato. Du kan velje å gå vidare og fortsette på sti for å få deg ein rundtur, eller snu og gå same veg tilbake. Det står att å bygge nokre meter med turveg slik at vegen blir ei komplett rundløype, men inntil vidare må ein anten nytte stien som ligg der frå før eller følgje turvegen tilbake til parkeringsplassen. 


Heile runda tek omlag 10-15 minutt å gå dersom du ikkje stoppar opp undervegs. Ein fin korttur saman med dei minste som gjev høve til å utforske svaberg og fjøre. Ta gjerne med deg fiskestanga eller badetøyet når du først tek turen til Andaneset.

Adkomst og parkering

Turstien på Andaneset ligg 1,4 km frå Volda sentrum. Frå 90-gradarssvingen på E39 i Volda sentrum følger du skilting mot Andaneset. Følg vegen til du møter bommen på Andaneset. Her kan du parkere bilen eller sykkelen. Ingen parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 0,27
Lengde tur/retur (km) 0,53
Lengde en vei (km) 0,27
Stigning Meter Grader
Total stigning 23 Høydemeter

Offentlig transport

Turen er lett tilgjengelig med sykkel frå Volda sentrum.

Flest besøk 2021

Navn Besøk
Leif Sjevelås 163
Odd Arne Nilsen 126
Per Olav Glimsdal 87
Sunniva Vågen Dimmen 82
Trond Hoggen 78
Rune Olav Olsen 76
Anne Ullaland 76
Mai-britt gjerde 75
Lisbeth Mehl 68
Kåre Johan Yksnøy 66

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. oktober 2
17. oktober 25
16. oktober 7
15. oktober 7
14. oktober 8
13. oktober 11
12. oktober 8
11. oktober 13
10. oktober 17
9. oktober 24

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: