Turen til Fangholsetra er ein fin tur. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien. Tur til Fangholsetra har vore ein vanleg tur for bygdefolket. Skuleklassar har ofte hatt dagstur til setra, både til fots og på ski.Tidlegare var det to fjøs her, desse er det berre murane att av.
Parker ved gamleskulen i Julsundet (Fanghol). Gå ca. 300m. på gangvegen i retning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Følg grusa sti frå informasjonstavla. Ta til høgre etter grinda og følg Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken fortsett du rett fram forbi demninga og vidare etter setervegen oppover. Vel framme ved setra er det fint med kvilepause, kanskje kaffi og nistemat. Fangholsetra er i privat eige, og nyttast i dag som hytte for familien.
Fjellvegen vart bygd i 1941 - 1942. I 40 åra starta Brødrene Hollingsæter å byggje demning (dammen) over Vollelva, med røyrledning derifrå og ned langs elva til kraftstasjonen (stasjonen). Stasjonen låg ved den gamle riksvegen omtrent der Fanghol Telefonsentral ligg i dag. Terrenget her er ganske bratt, så på Gammelsetra vart det bygd ein pendelbane, med den frakta dei opp materialer til bygging av demning og delvis til røyrgata. Frå Gammelsetra og fram til demninga frakta dei materialane med hest og vogn.
Kraftstasjonen forsynte Brødrene Hollingsæter Trevare med kraft og dessutan lys til 7 - 8 av dei næraste gardane.
Fangholsetra vart bygd av Bernhard Fanghol i 1941- 1942 først fjøs, så seterbu. Den var i drift fram til 1959.
Magnus Hollen bygde og ein fjøs her og så delte dei seterbu. Mjølka vart kvar morgon bore ned på børtre, kanskje noko å tenke på når vi strevar oss opp eller ned den bratte Fjellvegen.
I Aukra Gjennom Tidene, 1992 utgåva, er det to artikklar om dette. Den eine "Litt om seterdrifta i Julsundet", den andre om "Hollingsæter Trevare". Er du meir interesert så få tak i 1992 utgåva av Aukra Gjennom Tidene.
I Hola ved informasjontavla, starten på Fjellvegen.
Ved gamle skulen i Julsundet (Fanghol) Ingen parkeringsavgift.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0,3 |
Lengde tur/retur (km) | 3,4 |
Lengde en vei (km) | 1,7 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 226 | Høydemeter |
Aukra Auto - Atlantic Auto
Kartserie711 Kartblad 1220 I Hustad
Navn | Besøk |
---|---|
runar mork | 23 |
Ingbjørn Hanset | 21 |
Camilla Kvernberg | 17 |
Barbro Folkestad | 16 |
Silje Cathrin Kvalvåg | 11 |
Torsten Schreiber | 11 |
Britt Johansen | 11 |
Per Inge Gjerde | 9 |
Eva-Christin Helle | 9 |
Randi Marie orten Nerland | 9 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
17. august | 3 |
16. august | 1 |
15. august | 7 |
14. august | 11 |
13. august | 1 |
12. august | 3 |
11. august | 2 |
10. august | 5 |
9. august | 6 |
8. august | 6 |