Hundetjønna, Julsundet

Aukra
3600
Besøk
2,79
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Lett fin tur som går på grussti delvis etter eit gammalt kulturminne, ei vassoverføringsgrøft frå Hundetjønna til Hollingsbukta. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass. Ein sein kveldstur til Hundetjønna er ein  spesiell opplevelse, då det ofte er ei trolsk stemning pga. lett tåke over vatnet. I vatnet veks det fine vassliljer.

Turbeskrivelse

Turen startar frå parkeringsplassen ved riksvegen der gardsvegen til Lauvåsen tek av. Følg gardsvegen 0,7 km opp, ta av på stien venstre side inn i skogen. Stien går austover og fram til gapahuken ved Hundetjønna. Lett fin tur som går på grusa turveg, det er derfor godt egna til å trille vogn og som sykkeltur. Ved Hundetjønna er det gapahuk og bålplass.


StikkUt posten 2022 er ved gapahuken ved Hundetjønna.

Kulturminne

Hundetjønna var "regulert" oppdemt til eit lite vassmagasin. Vatnet vart ført i ei overføringsgrøft til Hollingen.
Vatnet vart nytta tre gonger til drift av overvasshjul. Frå desse var det snortrekk til trøskemasiner på gardane Lauvåsen, Hollingen og Setra. Dette tok slutt i 1929. Stien til Hundetjønna går dei siste 400 metra etter den gamle overføringsgrøfta. Det er ellers lite som visest att etter kulturminne.

Adkomst og parkering

Kjøyr ca. 400m fra krysset til Hollingsholm ferjekai, i retning Jendem. Ta av til høgre og parker på parkeringsplassen ved riksvegen. Ingen parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,6
Lengde tur/retur (km) 2,79
Lengde en vei (km) 1,39
Stigning Meter Grader
Total stigning 72 Høydemeter

Offentlig transport

Sjå Framm.no fro rutetider.

Kart

Topografisk kartserie M711 Blad 1220 I Hustad

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Per Inge Gjerde 110
Anne Elise Gjerde 106
Britt Johansen 63
Gro Merete Hoksnes 46
Asbjørn Sviggum 44
Malene Sæther 44
Randi Marie orten Nerland 37
Silje Cathrin Kvalvåg 37
Solveig Hollingsæter Småsund 37
Olav Harnes 34

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 26
17. august 14
16. august 18
15. august 25
14. august 41
13. august 20
12. august 30
11. august 7
10. august 27
9. august 23

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: