Svartnakken, Julsundet

Aukra
1481
Besøk
3,0
km tur/retur
blå

Kort om turen

Dette er ein flott tur med utsikt over Julsundet, Gossen Oterøya og ein kan sjå heilt til Ona, Bjørnsund og Bud. Solnedgangen frå Svartnakken er nydelig! Turen startar på grusveg bratt oppover og går over til sti mot toppen. Kan oppleves som ein bratt og strevsom tur i starten, men kan love at utsikta er absolutt verdt slitet opp! 

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved Hola følgjer du gangvegen i retning Fræna ca. 100m til du ser stien på høgre sida av gangvegen ved informasjonstavla.


Frå parkeringsplassen ved gamle skulen i Julsundet, går du ca. 300m på gangvegen i retning Molde, gjennom vegskjeringa til Hola. Stien er på venstre sida av gangvegen ved informasjonstavla.


Følg grusa sti frå informasjonstavla og opp i skogen. Etter grinda tek du til høgre og følgjer Fjellvegen vidare oppover. På toppen av den bratte bakken (første vegskille) går du til ventre mot Gammelsetra. Stien til Svartnakken tek av til høgre, nokre meter før ein kjem fram på Gammelsetra. Avstikkaren fram på Gammelsetra er å anbefale, flott utsikt! Turen vidare til Svartnakken følgjer ryggen oppover, nokre stader gjennom gamal furuskog (trollskog).


Langs stien opp til Svartnakken kan ein i månadskiftet juni/juli sjå den vakre Nattfiolen blomstre.


StikkUt posten 2022 er plassert oppe på Svartnakken.

Kulturminne

Adkomst og parkering

Parkering på parkeringsplass i Hola. Evt. parkering på parkeringsplass ved gamle skulen i Julsundet, på Fanghol. Ingen parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,3
Lengde tur/retur (km) 3,0
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 233 Høydemeter

Offentlig transport

Atlantic Auto - Aukra Auto. Sjå framm.no for rutetider.

Kart

Kartserie 711 Kartblad Hustad - 1220 I

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Torsten Schreiber 42
Nina Kristiansen 30
Randi Oterhals Størdal 27
runar mork 19
Ingbjørn Hanset 18
Monica Gjerde Michelsen 18
Randi Marie orten Nerland 15
Arve Bugge 14
Britt Johansen 14
Terese Solheim 14

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 2
11. august 2
10. august 10
9. august 6
8. august 10
7. august 14
6. august 2
5. august 16
4. august 8
3. august 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: