Bedringens veg i Valldal

Fjord
3610
Besøk
1
km tur/retur
grønn Rullestolvennlig for elektriske rullestoler Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Enkel og fin tur på gruslagt turveg langs elva Valldøla i Valldal sentrum (Sylte). Det er fleire rastebenkar undervegs. Kan kombinerast med turvegen Strandpromenaden langs fjorden til Muritunet.
NB! På grunn av eit mindre jordras er ikkje heile strekninga tilgjengeleg for dei med hjul (pr. 01.05.). Snu litt etter benken ved turposten. Gåande kan passere. Syklar kan trillast over.

Turbeskrivelse

Turen startar på Sylte som er namnet på sentrum i Valldal. Gå over brua, Muri bru, som kryssar elva Valldøla. Med ein gong brua er passert, hald til høgre oppover langs elva, ved bustadblokk og gammal fabrikkbygning. Etter omlag 100 meter, ved skogkanten, startar Bedringens veg. Skilta. Følg denne til neste bru over elva, Muribø bru. Her endar Bedringens veg. Ta same veg tilbake. Det er ingen vanskelege eller farlege parti undervegs. Vegen går langs campingplass og jordbæråkrar. I raftingsesongen om sommaren kjem det gjerne raftingflåtar nedover elva med latter og hojing.


Turen er svært lett og passar for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre. Godt og stødig underlag i form av grus. Breidde på trasèen er ca 1,5 meter. Dette er ein "tur-retur" tur. Turen kan gå vidare frå Muribø bru på bilveg med asfalt. 


NB! Turvegen kan brukast heile året, men ver merksam på at det ikkje alltid blir brøyta om vinteren. Det kan difor ligge snø og is i vegen. Ver spesielt merksam om det er kaldt ver og isete føre - då kan det vere glatt og elva går rett nedanfor vegen!


Bedringens veg fekk i 2014 status som helseløype, då vegen vart rusta opp med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.


Du kan også gå vidare nedover langs elva mot fjorden, på andre sida av hovudvegen for startpunktet. Dette er Strandpromenaden. Kryss vegen og følg elveosen nedover, forbi Valldal Fjordhotell og vidare utover i strandkanten til Muritunet og badeplassen på Muri. Leikeplass ved Muritunet. Strandpromenaden er asfaltert.

Adkomst og parkering

Parkering på offentleg parkeringsplass ved servicebygg ved småbåthamna.
Turistinformasjon og gatekjøkken i bygget. Like ved Muri bru. Inga avgift.
Det er også muleg å parkere andre stadar i sentrum.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 1
Lengde tur/retur (km) 1
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 16 Høydemeter

Offentlig transport

Buss:
Ålesund - Valldal sentrum.
Åndalsnes - Valldal sentrum (sommarrute)
Ferge:
Turistferge Geiranger - Valldal (sommarrute)
Sjekk rutetider på www.fjord1.no

Spesielle forhold

Turen er godt egna for personar i rullestol. Også muleg for personar avhengig av krykker, rullator, o.l.
Kan også brukast om vinteren, men er mindre tilgjengeleg ved større snøfall. Vert ikkje brøyta.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
svein jarle fiskerstrand 49
Yvonne Dale 48
Grete Lien Jensen 42
Kari Margrethe Ulvestad 40
Anita Eliassen 27
Rikard Reiten 21
Inger Øien 21
Asbjørn Jensen 21
Ragnhild Bakken 21
Tor Dragnes 18

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 3
17. august 14
16. august 14
15. august 25
14. august 44
13. august 69
12. august 24
11. august 16
10. august 20
9. august 13

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: