Dyrdalstinden i Stordal

Fjord
46
Besøk
9
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner 15/6. Opning utsett på grunn av snøforholda og rasfare i område. Stikk UT-posten vert opna så snart det er farbart til fots og trygt å ferdast i området. Det kan også skje tidlegare enn den oppgitte datoen og då vil vi evt legge ut ny informasjon om det.

Kort om turen

Eit favorittfjell for mange på Langsætrane. Fjellet ligg ved Dyrdalen, som den har fått namn etter. Litt bratt oppstigning, og eit luftig parti ved toppen. Flott utsikt over Langsætrane og fjella rundt.

Turbeskrivelse

Frå parkering ved Puskebrua, går ein over brua og oppover stølen Pusken. Rett etter at du har gått over Puskebrua er det også sett opp Stikk UT! - skilt i høve turen til Litlevatnet. Det er ein tur som har blå gradering og ein skal IKKJE fylje den skiltinga om ein skal til Dyrdalstinden. Etter omlag 100 meter oppover stølsvegen svingar denne til venstre og ein går langsmed ein steingard til ein kjem til brua over Dyrdalselva. Gå over brua, ta til høgre og følg råsa som går på venstre side av elva. Dette er same råsa som ein brukar til Dyrdalen. Det er greitt å følge råsa her, den er godt trakka. Når terrenget flatar litt ut (på «røra»), tek ein av mot Dyrdalstind, som ein ser på si venstre side. Ein kjem etter kvart over skoggrensa, og går langs ein kant oppover mot toppen. Etterkvart blir det meir stein å gå på. Turkassa er plassert eit lite stykke (ca. 20 meter) før varden. Mellom turkassa og varden er det eit luftig parti, der det kan opplevast bratt og utrygt for enkelte. Ikkje gå desse siste metrane om det føles utrygt. Pass også opp for brear og skavlar som kan henge utover forsommaren. 

Adkomst og parkering

Ein køyrer mot Overøye og forbi alpinanlegget. Følg vegen rett fram og parker før brua som går til Pusken.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 9
Lengde en vei (km) 4
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 981 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ann Kristin Røstad Øvrevoll 2
Regine Bruteig 2
Sunniva Trettenes 1
Vigdis Øie 1
Anne Berit Nyli 1
Christian Breivik 1
Magnus Bjørnerem 1
Solgunn Gudmundset 1
Ole Johan Sunde 1
Sissel Walderhaug 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 2
8. august 2
7. august 6
5. august 2
31. juli 2
30. juli 7
29. juli 3
28. juli 2
25. juli 1
23. juli 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: