Elvaforbygninga i Stordal

Fjord
1650
Besøk
4,5
km tur/retur
grønn Rullestolvennlig for elektriske rullestoler Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Lett tur med lite stigning langs Storelva i Stordal. Passar heile året, men vert ikkje brøyta om vinteren. Ein kan gå på skogsvegen omlag så langt ein vil. Skogsvegen går til Storheim, berre avbrote av eit jorde på Holt. Ein kan gå omlag så langt ein vil framover Stordal.

Turbeskrivelse

Turen går på skogsveg frå småbåthamna/campingen i Stordal. Ein kan følge vegen og elva, eller ein kan ta av på ein av dei mange stikkvegane og kome til vegen gjenom Stordal og gå denne tilbake til utgangspunktet.Frå campingen går skogsvegen forbi Vinjesanden miljøstasjon. Ein gapahuk med benkar og bord er laga til for laksefiskarane. Med tre som ei boge over skogsvegen slyngar den seg framover. Ein passerar Kirkebø stadion. Etter 1,8 km kjem ein til Kvammebrua. Her er det ein benk til å kvile seg på og turbok til å skrive seg inn i. Turmål for Stikk UT finn du ved å fortsette framover skogsvegen. For ein lett tur kan ein snu her, eller gå vegen opp til Rosekyrkja. Elvaforbygninga fortset framover. På Øvrebust (etter 2,3 km) er det ei bru over ei kryssande elv. 100 meter etter denne er det Stikk UT-kasse. Vil ein gå på gangfelt langs hovudvegen tilbake, må ein svinge av her. Litt lenger framme er det nok ein gapahuk. På Holt må ein krysse eit jorde, før vegen fortsett. På Storheim passerar ein eit sagbruk, og etter dette vert det litt vansklegare å følge skogsvegen, sidan den er delvis overgrodd.

Adkomst og parkering

Start ved Stordal camping/Stordal småbåthamn i sentrum.

Ved Stordal småbåthamn

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,5
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 79 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Solbjørg Ludvigsen 56
Jon Haraldsvik 51
Rønnaug M Sylte Hove 50
Malin Holt Øien 32
Anne-Marthe Stavseng 21
Steffen Leganger 21
anne marit johansen 18
Roar Søvik 17
Kari Anne Flatmo Hove 16
Monika Irene Stavseng 15

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 10
17. august 8
16. august 5
15. august 15
14. august 20
13. august 8
12. august 7
11. august 7
10. august 5
9. august 11

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: