Marmorberget i Stordal

Fjord
111
Besøk
8
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 20/6. Opning utsett på grunn av snøforholda. Stikk UT-posten vert opna så snart det er farbart til fots i området. Det kan også skje tidlegare enn den oppgitte datoen og då vil vi evt legge ut ny informasjon om det.

Kort om turen

Turmålet ligg i vakre Jolbotn, med det særeigne marmorberget der. Men Langsætrane (stølane Kvitlane og Pusken) er verd besøket åleine. I og med at dette er sommarbeite for både sauer og kyr, er det heilt avgjerande - for i det heile å ha med dette som turmål i Stikk UT!/Morotur - at alle som ferdast her, passar på å late att grindene etter seg. 

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved Puskebrua, går du over brua og fyl vegen oppover stølen. (Du må altså IKKJE fylje skiltinga som er sett opp for dei som vil til Litlevatnet) Omlag 100 meter etter brua svingar denne til venstre og ein går langsmed ein steingard til ein kjem til brua over Dyrdalselva. Så fyl ein denne grusvegen heilt til den sluttar, framme ved elva som kjem ned frå Jolbotn. Alt av bommar i området (om dei er på plass) er det veldig viktig å late att! Stien på høgre side av elva, startar der grusvegen sluttar og då er det berre å fylje denne fram til turmålet. Sjølve Marmorberget er ikkje til å unngå å sjå nede i elva. Det er også eit grantre tett attmed. 


Noko av det unike med dette området, i tillegg til det reint idylliske, samt forekomstane av bergartane marmor/kalkstein, olivin og glimmerskifer, er det mangfaldige plantelivet. I berget veks det m.a. raudsildre, gulsildre, rukkevier og mosen Ortothecium rufescens. På elvekanten like nordom turmålet veks det rikeleg mengder av skavgras og også det sjeldne hybridet mellom skavgras og fjellsnelle.


Det er også forekomstar av ei rad andre planteartar i området og kva ein kan kome over, er avhengig av kor høgt ein befinn seg over havet. På rundt 700 moh er det enkelte stadar rikt med engsnøleie, fjellkvitkurle, fjellsnelle, brudespore, sotstarr og stivsildre. Høgare oppe kan ein også finne (meir) kalkstein, ei rik reinrosehei og ein unik moseflora. På marmorberga så høgt oppe, kan ein finne m.a. fjellsnelle og kalklok. Sistnemde elles berre kjend frå to toppar i Sør-Noreg. 


Det er Stein Erik Busengdal som har delt noko av all den kunnskapen han har (også) om dette området.


Når ein likevel er i Jolbotn, kan turen gå vidare til Kleivavatnet og til utsiktspunkt der ein ser ned til Tresfjord og vidare over til Molde. Ein kan også velge å gå ned att Kleivabotn, ved å halde seg på høgre side av Kleivavatnet til ein har passert både utsiktspunktet og den særeigne Fanthammaren. Stien går då vidare frå enden av vatnet.

Adkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tek ein av mot Overøye. Så køyrer ein om lag 11 km langs Fv 101, til ein kjem til Puskebrua der det er godt med parkeringsplass. På vegen har ein då passert både Arena Overøye (alpinanlegget) og Kvitleskiftet, der vegen deler seg. For å kome til Puskebrua, må ein halde til venstre i dette vegskiftet.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 1
Lengde tur/retur (km) 8
Lengde en vei (km) 4
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 180 Høydemeter

Offentlig transport

Det går ikkje offentleg transport lengre enn til Moe, så dette er (nok) ein tur ein er avhengig av bil for å gjennomføre. Om ein likevel vel offentleg transport ( https://www.frammr.no/ ), vert denne turen 2 mil lengre. Ein parkerer då evt ved Mo bedehus, om lag der ein tek av retning Overøye.

Spesielle forhold

Nede på stølen får ein eit inntrykk av korleis livet arta seg der den tida det var sætredrift. Heile 40 gardar hadde sommarsæter her, noko som er størst på Vestlandet. (sjå meir under rutebeskrivelse!) Ein finn mykje interessant kulturhistorisk stoff knytt til området på nettet, m.a. takka vere omfattande arbeid utført av Stordal Sogelag. Frå luftige Dyrdalstinden, ser ein elles rett ned i Jolbotn på venstre side på vegen opp. Jolbotn er diamanten i krona, for mange!

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ann Kristin Røstad Øvrevoll 4
Bjørn Holmelid 4
Solveig Holmelid 3
Eva Skar Olsen 2
kaspara Nesseth Tørlen 2
Kjetil Gisle Morken 1
Siri Tørlen 1
Anne Berit Nyli 1
Hilde-Karin Skrede 1
Cecilie Brudevoll Olsbø 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 2
16. august 1
14. august 4
13. august 6
12. august 3
11. august 3
10. august 5
7. august 12
6. august 3
5. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: