Midtbustsætra i Stordal

Fjord
209
Besøk
4,28
km tur/retur
blå

Kort om turen

Midtbustsætra er ei lita, koseleg sæter med eit gammalt, men godt ivareteke sel. Det er relativt bratt frå bygda og opp, men aldri luftig, for den som evt synes det er litt nifst. Frå Midtbustsætra, eller "Mæbustsætra" som rett uttale er, kan ein gå vidare mot vest og kome til eit anna turmål, nemleg Varden, men då må ein plusse på ein time til. 

Turbeskrivelse

Start frå Stordal skule (denne ligg tett attmed Fv 650). Kryss vegen over fotgjengarfeltet og gå mot venstre. Ved postkassestativ like etter, tar du til høgre og fyl vegen mot Vinjehjellane bustadfelt, ca 1 km, til du kjem til skiltet merka Grigås natursti. Her går du inn i gjerdet, held mot høgre og rett opp ei bratt stigning til dei øvste husa i bustadfeltet. God rås vidare mot høgre og inn i skogen. Her kan det gå dyr på beite så hugs å late att grindene. Ein passerer her også tuftene av ein gammal sommarfjøs. Det er framleis litt stigning, men så flatar råsa litt ut igjen. Her finn ein kassa til Grigås natursti (som også er eit turmål i Stikk UT! 2021). Vidare går ein over nokre bekkar og kjem etter kvart opp på ein skogsveg. Her går ein rett over denne og finn rås på andre sida. Her går råsa bratt oppover til ein kjem til eit skilje ved ei gammal steinbru. Ein skal IKKJE gå over brua, men fylje råsa vidare oppover (fortsatt på venstre side av elva), derifrå er det lett terreng opp til selet på Midtbustætra, der også turkassa er plassert.

Kulturminne

Gammalt sel på sætra, der det er mulig å gå inn.

Adkomst og parkering

Det er opparbeidd parkeringsplass på austsida av Stordal skule. Alternativt kan ein parkere ved Stordalshallen som ligg vegg i vegg.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,28
Lengde en vei (km) 2,14
Stigning Meter Grader
Total stigning 403 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Spesielle forhold

Du kan også kombinere turen med å få med deg den unike Rosekyrkja, berre eit steinkast frå skulen. Meir om denne her: https://www.rosekyrkja.com/
Det er også ganske så kort veg til andre Stikk UT! - mål, t.d. både til Moloen (https://morotur.no/tur/Moloen) og Elvaforbygninga (https://morotur.no/tur/Elvaforbygninga). Ein kan også gå vidare frå Midtbustsætra og til Varden og gå ned att til bygda den vegen, men då må ein plusse på eit par timar ekstra. (https://morotur.no/tur/Varden)

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Bente Nakken Nilsen 21
Hallbjørg Vinje 9
Linda Falch 8
Jon Haraldsvik 6
Ester Vinje 4
marit Midtbust 4
Stig Falling 4
Vigdis Øie 4
Ruth Janne Vinje 3
Anne-Marthe Stavseng 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 4
15. august 1
14. august 1
12. august 4
11. august 1
9. august 2
8. august 2
7. august 5
4. august 1
3. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: