Olavsvegen i Syltemoa, Valldal

Fjord
1851
Besøk
2,76
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig

Kort om turen

Fin, sentrumsnær tur frå Sylte i Valldal. Svært bratt i starten, før stien flatar ut framover Syltemoa. Dette er også starten på pilegrimsleia frå Valldal til Dovre. Du kan gå tur her heile året, men vinterstid ligg det ofte snø og is i vegen og terrenget.


 

Turbeskrivelse

Skilta sti frå Skulebrauta. Startpunktet ligg knapt 200 m ovanfor Sylte kyrkje. Bratt oppover på god sti dei første 300 meter, med utsyn til Valldal skule. På toppen kjem du til Korsbrekka, der står det ein kross til minne om då Heilag-Olav drog gjennom Valldal. Her finn du også informasjonstavle og rastebenk. Stien vidare er flat og fin framover Syltemoa. Følg god sti/turveg om lag 1,1 km frå Korsbrekka til leirdueskytebana på Oggaren (Øygarden). Turkassa er plassert på Hogsta, etter 800 meter, ved skiltstolpe, like før vegen går litt nedover att gjennom granskogen.


Vinterstid ligg det ofte snø og/eller is i terrenget, men det blir ikkje dei store snømengdene her nede ved fjorden så det vil oftast vere fint å gå der likevel. Turen er mykje brukt, så det er ofte opptrakka spor å følgje.


NB! Ver merksam på skytetrening på leirduebana, særleg fredagskveldar, varselskilt vert sett ut og det er sjølvsagt lov å passere.


Stien er også merka som pilegrimslei.



Om du vil ha ein lengre tur kan du halde fram på turvegen rett fram forbi skytebana og framover til Døving, eller heilt til Bjørstad. Det er også muleg å gå opp Syltefjellet til Ytterli i Fjørå. Sjå kart og skilting undervegs.


Alternativ for dei med hjul
Om ein vil unngå den bratte kneika i starten kan ein starte turen frå skytebana og snu på Korsbrekka.
Følg då fv. 63 frå hamna på Sylte/Valldal sentrum og framover dalen mot Trollstigen. Etter ca 2,5 km; ta til høgre rett etter ein høgresving og følg ein grusveg opp ein liten bakke. Det er 300 m til skytebana. Vegen er ikkje skilta eller merka. Det er plass til å parkere 2-3 bilar langs denne vegen, pass på så bilen ikkje er til hinder for ferdsel eller driftskøyring til jordbæråkrane. Det er ikkje høve til parkering ved skytebana.

Adkomst og parkering

Parkering i sentrum eller ved Martin Linge-huset/Valldal skule.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 2,76
Lengde en vei (km) 1,38
Stigning Meter Grader
Total stigning 64 Høydemeter

Offentlig transport

www.fram.no

Spesielle forhold

Dette er starten på Valldalsleia, pilegrimsleia frå Valldal til Dovre.
Ved Korsbrekka, høgda der stien flatar ut, står det ein kross, til minne om då Heilag-Olav drog gjennom bygda i 1028/1029. Der er også informasjonstavle og kvilebenk.
Turvegen er freda og oppattkalla etter Heilag-Olav. Det er tre gravhaugar i området.
Ved turkassa på Hogsta er det stidele. Det er skilta oppover Syltefjellet til Ytterli i Fjørå. Like før høgste punkt kan du også ta ein avstikkar til klostertomta. Flott utsikt!

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Yvonne Dale 53
svein jarle fiskerstrand 48
Magne Alstadsæter 46
Kristin Alstadsæter 35
Elisabeth Golten 24
Ragnhild Bakken 23
Anita Eliassen 19
Elisabeth Døving 18
Inger Øien 17
Kari Margrethe Ulvestad 17

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 8
16. august 7
15. august 11
14. august 16
13. august 37
12. august 8
11. august 13
10. august 6
9. august 15
8. august 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: