Rongane frå Eidsdal sentrum

Fjord
333
Besøk
2
km rundtur
grønn

Kort om turen

Dette er ein fin liten rundtur, sentrumsnært i Eidsdal. På vegen går du framom "Grytesteinen". Her er det tydeleg spor etter korleis menneske for fleire tusen år sidan har freista å lage gryter frå klebersteinane. Turen er prega av fin tilrettelegging med små overraskingar undervegs.

Turbeskrivelse

Parker på ferjekaia i Eidsdal. Gå i retning Norddal, ca. 200 meter. Rett etter brua tek ein av til høgre, og følger merka sti mot Rongane. Første hundre meterane er bratte, men råsa slyngar seg fint oppover. Så slakar det av, og du kjem inn i eit sauebeite. Det kan også vere hestar på beite her. Turen går langs med eit gjerde opp til Grytesteinen. Her er det kasse med turbok. 


Frå posten følgjer du råsa eit lite stykke oppover og kjem inn på ein skogsveg. Følg vegen i slak stigning vidare nokre hundre meter, og du kjem til turposten på Rongane. Kanskje vil du kvile deg på benken og nyte utsynet ned mot fjorden før du held fram på turen?


Rundturen går ned råsa 20 meter sørvest for turposten, gjennom eit fint rydda beite. I eit slakare parti går du framom ei gammal utløe. Her svingar råsa til venstre/sørvest ned til eit elvegjøl. Siste biten ned mot busetnaden går råsa tett på den vesle bekken.


Vi kjem inn på kommunevegen i byggjefeltet i Kalvegjerdet og følgjer han til venstre ned på hovudvegen. No er det berre å rusle nedover att til sentrum på den asfalterte gangvegen, omlag 1 km.  


Alternativ rute til Rongane og ein annan liten rundtur finn du under turskildringa Rongane frå Eidsdal skule.


 

Kulturminne

Grytesteinen.

Adkomst og parkering

Turen startar i Eidsdal sentrum, og du kan parkere her.


Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 0
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 2
Stigning Meter Grader
Total stigning 133 Høydemeter

Offentlig transport

For buss frå Ålesund til Valldal/Geiranger og ferjerute Eidsdal - Linge, sjå www.frammr.no

Kart

Turkart for Norddal 1: 50 000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Sandy Hodea 28
monika aarset 23
Yngve Eidset 20
Nils Haugseth 18
peik aarset 18
Sigve Mathiesen Nydal 7
Anne Sofie Aarset 5
Jorunn Døving Aspehjell 5
Airi Kalma 4
Emma Gutsveen Ytterdal 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
16. august 1
12. august 3
11. august 2
10. august 1
9. august 1
8. august 2
7. august 2
6. august 1
5. august 2
4. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: