Vikahornet på Dyrkorn

Fjord
222
Besøk
2
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 1/6. Opning utsett på grunn av snøforholda. Stikk UT-posten vert opna så snart det er farbart til fots i området. Det kan også skje tidlegare enn den oppgitte datoen og då vil vi evt legge ut ny informasjon om det.

Kort om turen

Fin tur frå Dyrkornvatnet. Kort, men litt bratt tur som også er spesielt godt eigna for barnefamilier. Sjølv om turen er kort, får du ei kjensle av å vere på verdas tak! På Vikahornet er det flott utsikt over Dyrkornbygda, Storfjorden og fjellområda rundt. På andre sida av fjorden ser du fjellgardane på Skotet. www.skotet.no.

Turbeskrivelse

Frå parkeringa går du mot den øverste hytta, råsa startar til venstre bak hytta. Turen er merka og har god rås gjennom krattskog med utsyn over Dyrkornvatnet. Vidare frå Vikahornet har du muligheit til å gå opp til Varden og eventuelt vidare til Stordal.

Kulturminne

Tufter etter gammel seterdrift på Vikastølen.

Adkomst og parkering

I vegkrysset på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til høgre i krysset. Fortsett ca 500 m til bomvegen startar til venstre (kostar kr 40). Vegen går vidare til Dyrkornvatnet (ca 1,3 km), der ein også kan parkere. Den første lille biten mot Vikahornet, går langs vegen oppover retning Vikastølen. (sjå også rutebeskrivelse)

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 2
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 226 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå frammr.no

Spesielle forhold

Kombiner turen til Vikahornet med eit forfriskande bad i Dyrkornvatnet på returen. Ein kan også prøve fiskelukka (fiskekort kan kjøpast ved bommen).

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ellen Støversten 9
Bente Nakken Nilsen 5
Anne Berit Nyli 4
Hege Støversten 3
Ann Kristin Røstad Øvrevoll 3
Linda Falch 3
Solveig B. Tysnes 2
Ivan Dybvik 2
Roy Pedersen 2
Palma Flåen Øvrebust 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 2
9. august 1
8. august 5
7. august 19
5. august 1
4. august 1
3. august 2
2. august 5
30. juli 4
29. juli 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: