Duå

Gjemnes
134
Besøk
13,75
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner 8/6. I Duå'n forsvinn snøen relativt seint på eit kortare stykke (ca. to hundre meter). Du kan gå turen om snøen ikkje er borte, men du må da finne vegen sjølv. Det burde ikkje vere noko problem. Vi rår til at du går ved sida av snøen fordi den kan vere hard.f

Kort om turen

Tur med fin utsikt både utover havet og innover fjella på Nordmøre og i Romsdal.  Varde på toppen av Duå. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved Osmarka skistadion kor du allereie frå parkeringsplassen kan sjå Duå i nordvest. Følg grusstien i lysløypa i knapt ein km til løypa kryssar skogsbilvegen. Ta til venstre og følg skogsvegen i om lag ein km. Etter at du har passert elva (flombru og gangbru) og fortsatt nokre hundre meter, tek du til venstre inn på ein traktorveg (bom). Denne vegen følger du i godt over ein km. Når du har kome opp bakken og eit par hundre meter til, tek du til høgre over ei lita trebru og følger stien opp til Duålisetra. Til trebrua kan du ta med sykkel (off-road). På setra kan du slå deg ned på ein benk og nyte den flotte utsikta. Gå forbi seterhuset og vidare langs gjerdet nordvestover mot Duå. Etter ca. 100 m kjem du til eit stikryss kor du kan fortset rett fram til Stortolla, men til Duå skal du ta stien opp til høgre. Gå gjennom skogen og etter kvart over i meir myrlendt terreng. Du kjem etter nokre hundre meter opp i eit lite skar der du svingar til venstre opp på ein rygg (på høgre side ligg Duålia). Følg merkinga vidare mot Duskaret, der du har utsikt mot Skeidsdalen/Øre og Gjemnesstranda på den eine sida, og mot Osmarka på den andre. Deretter startar du turen opp sjølve Duå. Det er godt merkt med raudmåling både på stolpar, stein og fjell, i tillegg til ein del varder. Oppunder toppen kan du velge om du vil gå til venstre opp ei mindre bratt rute, eller følge ruta som går meir rett opp mot toppen. På slutten av sistnemnde rute er det luftig på den eine sida. Tilbake er det lettast å følgje ei av dei merka rutene. Kjenner du deg trygg på vegen, kan du også ta andre ruter tilbake mot Osmarka, men ingen andre er merkt. 

Adkomst og parkering

Følg FV665 til Heggem. Følg skilting mot skistadion. Etter knapt 100 meter svingar du inn til høgre ved den nedlagte skulen.

Parkering (gratis) mellom den nedlagte skulen og idrettsplassen.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 3
Lengde tur/retur (km) 13,75
Lengde en vei (km) 6,87
Stigning Meter Grader
Total stigning 641 Høydemeter

Spesielle forhold

Du kan ta en avstikkar til "Stortollå" som vart kåra til Norges største furu (tolle) for ein del år sidan. Det er rundt ein kilometer tur/retur. Følg skiltinga like etter at du har gått forbi Duålisetra.

Kart

Norge-serien, Kristiansund

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Arvid Dalen 3
Heidi Glærum Solbjør 2
Geir emil Angvik 2
Ingrid Sjømæling 1
Anlaug Rekaa 1
Ingrid Myklebost Fredrickson 1
Torill Anita Elnes 1
Ellinor Solli Dyrli 1
Tommy Brevik 1
Nemi Brevik 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 1
15. august 5
14. august 13
13. august 1
12. august 1
10. august 3
8. august 2
7. august 3
6. august 1
5. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: