Golleneset på Nerlandsøy

Herøy
641
Besøk
0,67
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Ein kort tur i lett terreng til det nordlegaste punktet på Nerlandsøya – Golleneset Fyr. Her kjem du ut til storhavet, og den lange havranda gir perfekte forhold for å nyte sola sige ned i havet.

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringa lengst ut på Hamnevegen i Kvalsvika. Stien går til høgre etter grinda, følg merking over beitemarker til utegangarsau, vis omsyn, - her er det du som er på besøk. Hundar skal haldast i band. 


Undervegs til Golleneset ligg Kjemperøysa, ei gravrøys som truleg er frå bronsealderen, og som kan vere 3500 år gamal. Denne kjempa av ei gravrøys har ein diameter på 17 meter, og er tydeleg å sjå i terrenget. Kjemperøysa er freda etter norsk lov.


Ein kan og sjå spor etter anleggsområdet som var anlagt her rundt 1935, då hamna i Kvalsvik skulle byggast. Her var og jernbane, som skulle frakte stein inn til utbygging av hamna. Det viste seg at steinen var av dårleg kvalitet, og uttaket vart flytta.


Framme på Golleneset er det sett opp benkar og bord, og det er også spennande å gå heilt ut til fyret.


Når bølgene bryt på Golleneset, kan du oppleve noko heilt spesielt: Havskum! Det er havet som piskar opp dette skummet, og det er som eit gigantisk skumbad mellom steinane,  og langt inn på tørt land.


Det er fint på Golleneset med utsikt mot Runde på godversdagar, men pass deg på dagar med ruskever for storbåra sine mektige klør.

Adkomst og parkering

Følg fv 654 til Fosnavåg, og ta fv 5878 over til Nerlandsøya, og fv 5880 vidare til Kvalsvik. Parkering ved gamleskulen - sjå p-skilt for turparkering, eller du kan ta av til høgre på Hamnevegen, og følg denne fram til parkering ved ytterste moloen om der er plass.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 0,67
Lengde en vei (km) 0,8
Stigning Meter Grader
Total stigning 8 Høydemeter

Offentlig transport

https://www.frammr.no/ezflow_mrfylke/ruter?referrer=frammr.no&lang=nn&dep1=&theme=&from=Fosnav%C3%A5g+terminal+%28Her%C3%B8y%29&to=Kvalsund+aust+%28Her%C3%B8y%29&Time=09.45&Date=11.02.2021&direction=1&search=S%C3%B8k

Spesielle forhold

Last ned appen for audioguiden Voice of Norway, så har du med deg guide på turen til Golleneset.
Opne heile guiden for Havlandet, så får du høre dei spennande lokale historiene på turen.

Kart

https://kommunekart.com/klient/sunnmorskart

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Heidi Skjeret Kvalsvik 41
Odd Arne Arnesen 14
Elise Kvalsvik 6
Kristin Hide Truelsen 6
Regina Traupyte 5
jan sverre håkonsholm 5
Anja Petersen 4
Jeanette Teige 4
Stian Bøe 3
vibeke igesund 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
11. august 4
10. august 6
9. august 1
8. august 2
7. august 5
6. august 2
5. august 1
4. august 4
3. august 5
1. august 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: