På denne turen får du god utsikt mot øyane og havet utanfor samt inn mot fastlandet.
Frå ferjekaia skal ein følgje same vegen som mot Franskhellaren. I den øverste svingen, skal du ta av i frå traktorvegen og følge sti opp ein liten bakke. Rett etter dette delar stien seg, og du skal ta av til venstre og følgje stien som går oppover. Stien er meir eller mindre tydeleg heile vegen langs ryggen opp til toppvarden på Drynjahatten, som ligg 200 moh. Vær oppmerksom på at det er svært bratt på nordsida av fjellet, og nokre stadar går stien like ved stupet.
Frå toppen kan du sjå ned på restar av luftobservasjonspost som tyskarane hadde på Dryna i åra 1941-42. Hytta (tyskerhytta) brann ned i ein stor lyngbrann som herja på utsida av Dryna i byrjinga på 70-talet, så der står berre steinmurane igjen. Der er også restar etter ein oppmura utkikkspost. Denne vart ikkje fullført eller teken i bruk av tyskarane. Dei steinla også deler av stiane, og denne vert på folkemunne kalla «tyskerstien».
I frå tyskerhytta kan ein gå ned og forbi Franskehellaren og tilbake til ferjekaia.
Parkering ved ferjekaia på Dryna.
Lengde i km | |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 3,2 |
Lengde en vei (km) | 1,6 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 144 | Høydemeter |
Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Navn | Besøk |
---|---|
Knut Raknes | 58 |
annbjørn rakvåg | 14 |
Jonas Bjørnerem | 5 |
Ole Ståle Sandnes | 3 |
Annette Halvorsen | 3 |
Kine Elise H. Håbet | 3 |
Tommy Gangstad | 3 |
Svein Egil Bergseth | 3 |
therese eikrem | 2 |
Liv Sissel Fanum | 2 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
18. august | 4 |
15. august | 5 |
14. august | 1 |
12. august | 1 |
10. august | 4 |
8. august | 3 |
7. august | 7 |
5. august | 4 |
4. august | 2 |
2. august | 2 |