Kumlokket er første del av Midsundtrappene som vart bygd i 2016 av Sherpaer i frå Nepal. Dette er eit fantastisk byggverk som er verdt eit besøk. På toppen ved Kumlokket får du i tillegg ei flott utsikt over Midsund sentrum, Midsundbrua og Midøya med Bløkallen på andre sida. Dette er ein bratt tur, men den er likevel overkomeleg for mange då det er tilrettelagt med trapper heile vegen frå skogen og opp.
Stien begynner ved brua over Bakkeelva og det står skilt ved vegen. Når du kjem inn i skogen så startar trappa som slynger seg vakkert opp gjennom skogen og ura. Der er laga 2 kvileplassar med steinbenkar på veg oppover, og ved Kumlokket er der også ein fin kvileplass der du kan ete nista di mens du nyt utsikta.
Midt i Midsund sentrum rett ved brua som går over Bakkeelva som renn ned frå Midsundvatnet.
Der er berre plass til eit par bilar der stien startar, men det er satt opp eit skilt som synar andre parkeringsplasser ein kan nytte. Det næraste vil vere Idavoll, som er den gamle skulen i Midsund som ligg rett bortanfor, og er merka med P-skilt.
Lengde i km | |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 1,17 |
Lengde en vei (km) | 0,59 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 226 | Høydemeter |
Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Navn | Besøk |
---|---|
Trond Viggo Rogne | 41 |
Gunn Lech | 20 |
Oddny Lisbeth Midtbø Rød | 15 |
Inger Kristin Ovesen | 13 |
therese eikrem | 12 |
Jonny Godø | 12 |
Stine K. Heggdal | 10 |
Svein Egil Bergseth | 10 |
Rune Opstad | 8 |
Joakim Stormyr | 7 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
18. august | 14 |
17. august | 8 |
16. august | 3 |
15. august | 22 |
14. august | 43 |
13. august | 11 |
12. august | 6 |
11. august | 3 |
10. august | 11 |
9. august | 4 |