Holemyrane rundt

Stranda
95
Besøk
3,08
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 15/5. Utsett opning pga. mykje snø.

Kort om turen

Turen Holemyrane rundt startar med stigning frå ca 250-450 moh. Passar godt som formiddags-ettermiddags- eller kveldstur.På siste km ned til Hotell Utsikten går ein på den gamle Kløvstien mellom Geiranger og Skjåk, bygd på 1400-talet.


13/5: TUREN ER NO OPNA, MEN LITT FUKTIG FLEIRE STADER SÅ HA GODE SKO PÅ!

Turbeskrivelse

(Omtalen går utifrå start ved Hole Hytteuleige. )


Dette er ein kort rundtur på ca 3 km som tek ca 1 t. Ein kan enten starte ved Hole Hytteutleige eller bak Hotell Utsikten.
Frå Hole H går ein 100 m mot Vesterås, her tek ein av til høgre og etter nye knappe 100 m tek ein på ny av til høgre. Ein kryssar etter litt Grindalselva på ei bru og går vidare på ein skogsveg til eit skilt markerer at ein skal forlate skogsvegen. No går turen i lett stigning på  ei vanleg rås opp til Holemyrskoltane som består av fleire bergknausar. Her er også høgste punkt på turen (440m) og der ein vil finne posten. Om litt passerer ein eit vått parti der det er lagt ut vandringar, men det kan også vere litt fukt i terrenger eit kort stykke etter desse vandringane. Når ein forlet myrpartiet, kjem ein ned på den gamle Kløvstien og tek då til høgre. Denne Kløvstien fylgjer ein heilt ned til Hotell Utsikten. Turen er merka med V’ar.
Denne Kløvstien var gamlevegen frå Holebygda til Ørjasætra heilt fram til 1880-åra. Den skriv seg truleg heilt ifrå 1400-talet då kongen påla bønder i Geiranger og Skjåk å byggje ein kløvsti mellom bygdene. Standarden på råsa skulle vere slik at ein kunne leie ein hest med kløv på langs den.
Parkering: 
Ein kan parkere ved Flydalsjuvet.  På dagtid kan ein parkere både ved Hotell Utsikten og ved Hole Hytteutleige, men ta  kontakt med hotellet eller i kiosken til HH for å få tilvist plass. 


EKSTRA:


Turen kan også starte ved fjorden/sentrum. Då går ein Fosseråsa til Vesterås. Herifrå fyl ein vegen mot Fv 63, like før Hole Hytteutleige står eit StikkUt skilt, der tek du til venstre og då er  du inne på Holemyrane Rundt. På returen nedover bygda kan du sjå etter merka snarvegar. Det blir 6 km ekstra å gå, og heile turen blir på ca 9 km.

Adkomst og parkering

Sjå rutebeskrivelse

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0.2
Fast grus 0,4
Total lengde rundtur (km) 3,08
Stigning Meter Grader
Total stigning 199 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Kløvstien

Kart

Stranda Kommune, Tafjordfjella, Geiranger

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Henry Steinnes 3
Petter Vinje 3
Ragnhild Kleiven 3
Dagfinn Johansen 2
Emil Dalen 2
Berit Hendset 1
Vibeke Aarseth 1
Magnus Landgren 1
Edel Jorun Blikås 1
Monica Acosta Pettersen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
7. august 1
3. august 1
2. august 1
28. juli 4
22. juli 3
20. juli 1
16. juli 1
4. juli 2
3. juli 2
2. juli 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: