Mausavatnet er eit idyllisk vatn med opparbeida asfaltert gang og sykkelveg langs eine sida av vatnet og grusa turveg på den andre. Dette gir moglegheiter for ein flott rundtur i variert terreng og vegetasjon. Det er ein god parkeringsplass med toalett i nordenden av vatnet like etter avkøyringa frå hovudvegen, og ein flott opparbeida badeplass -Bakkevika - med toalett og grillmoglegheiter på nordaustsida av vatnet. Turen rundt vatnet er og eigna for: Barnevogn, rullestol med hjelpar, sykkel
Dette er ein tur rundt eit koseleg vatn og turen går for det meste er på grusa turveg eller asfaltert gang og sykkelveg. Rundturen er på om lag 3,4 km. Terrenget er relativt flatt på gang og sykkelvegen på vestsida, men er litt meir småkupert på turvegen i skogen i aust. Området er variert med opne områder i vest og områder med furuskog på austsida. Det er sett opp nokre bord og benkar langs turvegen. Bakkevika badeplass er ein flott badeplass med ei lita sandstrand og toalett, bord og grillmoglegheiter. Andre turmålMed Grova eller Eikrem som utgangspunkt er det skogsveg opp til Rollonhytta. Derifrå kan ein gå vidare på sti til Taustua eller utover Sulafjellet.
Mausavatnet ligg på sørsida av riksveg 61 mot Sulesund. Kjem ein i frå nord (Ålesund) køyrer ein gjennom tunnelen like før Mauseid. Vidare forbi avkøyringa til Langevåg og inn på den neste avkøyringa til høgre. Der følgjer du vegen mot venstre slik at du køyrer inn i ein kort tunnel/overbygg under hovudvegen. Parkering og toalett er til venstre med det same du kjem til vatnet etter omlag 100 meter frå avkøyringa.
Det er to buss-stoppar som er aktuelle; Grova som er på Nordvest sida av vatnet (mot Ålesund). Dette er kortaste buss stoppen om ein skal til Bakkevika badeplass, eller Eikrem som er på Sørvest sida av vatnet. Begge buss stoppane er eigna som startpunkt for Mausavatnet rundt eller for å gå opp mot Rollonhytta og Sulafjellet
Opparbeida parkeringsplass ved nordvestenden av vatnet på Eikremsvegen. Det er toalett ved parkeringsplassen.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 1,8 |
Lengde tur/retur (km) | 3,4 |
Lengde en vei (km) | 0,00 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 47 | Høydemeter |
Buss
www.frammr.no
Turkart over Ålesund - Statens kartverk - utgjeve 2000
Navn | Besøk |
---|---|
Laurits E. Måseidvåg | 103 |
Hedvig Fostervoll Røbekk | 60 |
Hanne Fabiola Berntsen | 60 |
Oddhild Blindheim | 51 |
Anita Vasset Eikrem | 49 |
Jon Egil Langvatn | 37 |
Roy Slinning | 36 |
Aleidis Bjørkavåg | 36 |
Aina Irene Jansen | 36 |
Sølvi Slinning | 34 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
17. august | 32 |
16. august | 35 |
15. august | 41 |
14. august | 43 |
13. august | 24 |
12. august | 32 |
11. august | 30 |
10. august | 34 |
9. august | 28 |
8. august | 36 |