Rundtur via Omfløddøra

Surnadal
742
Besøk
7,91
km rundtur
blå Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Dette er allereie ein populær rundtur i sentrale Surnadal, og her kan ein starte nesten kvar som helst på runden. For mange vil det kanskje også vera naturleg å justere traseen slik at ein får ein passe rundtur frå eiga stuedør. Målet for runden er uansett turkassen som frå våren 2021 vil vera å finne på Omfløddøra, midt i elva Surna.

Turbeskrivelse

Du vel sjølv kva veg du vil gå runden. Her har vi valt å først gå i retning Øye (Kristiansund) med start på Skei. Da er turen litt over halvgått når du kjem til turkassen på Omfløddøra. Gå ut frå parkeringsplassen ved Coop i retning kommunehuset og følj gangvegen ut frå sentrum, nedover forbi Nordmøre folkehøgskule, over Øye bru og vidare langs riksveg 65. I krysset ved Øye tek du til venstre inn på fylkesveg 328/Hamnesvegen. Gå til du har passert Pipelife og kjem til eit vegkryss der gangvegen sluttar. Her kryssar du vegen og går til venstre inn på fylkesveg 327. Her går du i landlege omgivelsar til du ser Sveen auto på venstre side av vegen. Her svingar du til venstre og går forbi bilforretninga. Du kjem inn på fylkesveg 327  igjen like før brua som går over Surna. Du finn Omfløddøra og turkassen midt i elva Surna. Du må krysse fylkesvegen for å koma ned til turkassen. Herifrå følgjer du fylkesveg 326 vidare rett fram og tilbake til Skei. Det kan vera ganske stor trafikk langs ruta, men berre strekninga frå Syltkrysset til Ørabrua manglar gang- og sykkelbane.

Adkomst og parkering

Det er muleg å starte nesten kvar som helst langs ruta til denne rundturen, og det er fine parkeringsmulegheiter fleire stader, t.d. ved Alti Surnadal eller ved skuleområdet på Øye. Vi tek her utgangspunkt i Skei, og anbefaler at folk som kjem køyrande, parkerer på den ytste parkeringsplassen utanfor Coop. Her er det fri parkering i to timar, og det burde vera nok tid for å gå rundturen.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 7,91
Total lengde rundtur (km) 7,91
Stigning Meter Grader
Total stigning 71 Høydemeter

Offentlig transport

Startpunktet for turen ligg like ved busshaldeplassen på Skei.

Spesielle forhold

Turen er frå mai 2021 merka med raude Stikk UT!-skilt med utgangspunkt i parkeringsplassen utanfor Coop på Skei! Dette er einaste turen der Stikk UT!-skilta ikkje er supplert av grøne retnings-/namneskilt, og bør derfor ikkje kunne forvekslast med andre Stikk UT!-turar.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Christian Moen Hårstad 20
Villy ohr 20
Mette Søyseth 19
Eva Marit Heggset 17
Gladys Hopshaug 16
Brit Marie Blekken 15
Pia Melling 14
Sissel M Hårstad 11
Otto M. Johansen 11
Arnhild Bergheim 10

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 2
11. august 1
10. august 4
8. august 6
7. august 1
6. august 2
5. august 6
3. august 7
2. august 1
1. august 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: