Spitfire-runden

Surnadal
53
Besøk
6,34
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 15/6. For mykje snø!

Kort om turen

Denne turen går fram til staden der Spitfire-flyet til RAF-piloten «Sandy» Gunn styrta under andre verdskrig. Piloten overlevde styrten, men vart like etter teken til fange av tyskerane. I dag er flydelane henta ut av området og frakta til England, men gropa der hovuddelen av flyet gjekk i bakken, vitnar enno om det som ein gong skjedde her.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du over demninga, og følgjer skiltinga innover mot turmålet. Første del av turen går etter ein gammal kløvveg som går mellom Andersvatnet og Telstad. Etter ca. 1 km tek du av frå kløvvegen og følgjer merka sti langsetter myrane og forbi Gammelsetervatnet. Rett før du er framme, kjem du opp på ei lita myr med ei tjønn og eit idyllisk utsiktspunkt. Her finn du òg ein benk du kan raste på. Frå myra må du gå ca. hundre meter nedover igjen for å finne plassen der flyet til Sandy Gunn enda ferda si. Heim att går du det første stykket etter stien du kom. Ved Gammelsetervatnet tek du av og følgjer merka sti ned mot Vestre Nordmarksvegen i Botnslættet. Frå Botnslættet er det ca. 1 km å gå til parkeringsplassen ved Andersvatnet. Heile rundturen er på 6,3 km.  

Adkomst og parkering

Køyr innover Vestre Nordmarksvegen på Nordmarka i Surnadal. Avkøyrsla til denne vegen ligg ca. 300 meter frå Nordmarka idrettssenter i retning Skei. Køyr i ca. 10 km innover til du kjem til eit kryss. Der svingar du til høgre. Etter knappe 200 meter held du til høgre nok ein gong og føljer vegen ca. 300 meter til. Da ser du demninga ved Andersvatnet framfor deg. Sving til høgre inn på den store parkeringsplassen rett før demninga, og parker der.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 6,34
Stigning Meter Grader
Total stigning 215 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Stadvis manglande mobildekning!
Målet for denne turen er staden der Spitfire-flyet til RAF-piloten Alastair («Sandy») Gunn styrta under andre verdskrig. Gunn vart teken til fange av tyskerane og hamna i fangeleiren Stalag Luft III i Tyskland. I mars 1944 flykta 76 menn frå denne fangeleiren. Sandy Gunn var ein av 50 som etter dette fluktforsøket vart teken til fange igjen av Gestapo og avretta. Det er etter krigen både skrive bøker og laga filmar med utgangspunkt i desse dramatiske hendingane.

Kart

Friluftskart for Surnadal

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Norunn Holten 2
Øyvind Magnor Bøe 1
Therese Nøstdal 1
Anita Aasgård 1
Arild Skralthaug 1
Karstein Svendsli 1
Svein Stenberg 1
Turid Lunestad Strand 1
Marta Aarnes 1
Ragnhild Smevoll 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
9. august 1
8. august 2
7. august 3
5. august 2
1. august 1
31. juli 1
29. juli 1
25. juli 3
24. juli 1
23. juli 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: