Gullmorvatnet, Brunstad

Sykkylven
35
Besøk
11,08
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner 11/6. Mykje snø i området

Kort om turen

Dette er ein flott og variert tur midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Du går på grusveg opp til Vellesetra, vidare slakt framover Velleseterdalen på god sti langs ein fin elv, før du begynner ei brattare oppstiging opp Gullmorbrekka til Gullmordalsvatnet. På heile turen er du omgitt av alpine tindar. På Vellesetra har DNT ei ubetjent hytte.

Turbeskrivelse

Start på grusveg ved Brunstad kraftstasjon. Følg skilt til Vellesetra. Vegen går nesten heilt opp til Vellesetra. Siste 200 m er på sti. Du kan altså kome deg nesten til setra med barnevogn . Nokre stadar deler vegen seg; hald til høgre. Frå Vellesetra er det god sti vidare framover Velleseterdalen. Følg skilt til Patchellhytta og T-merka sti. Fremst i dalen må du krysse elva før du startar på Gullmorbrekka som er ei litt bratt oppstiging til Gullmordalsvatnet. Stien kan vere litt utydleg nokre stadar, men den er godt merka med vardar og T-ar. Det er fint å raste ved vatnet.

Kulturminne

På Vellesetra står det att berre nokre få sel, men her er fleire hustufter. Desse er markerte med skilt og ein finn eit informasjonskart på veggen til DNT-hytta.

Adkomst og parkering

I Velledalen (Sykkylven kommune) tek du av frå Fv 60 ved skilt merka ”Brunstad”. Du kjem inn på gamlevegen. Etter 100 m tek du skarpt til venstre ved ein gamal fabrikk. Følg vegen vidare til du kjem til eit kryss der du ser eit tømmerhus med torvtak. Ta av og køyr forbi dette huset (huset ligg då på høgre side av vegen). Du kjem inn på grusveg som du følger vidare til Brunstad kraftverk. Her er det god plass å parkere. Du skal følge grusveg på høgre side av elva (sjå skilt) .

Parker ved Bruns

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 11,08
Lengde en vei (km) 5,54
Stigning Meter Grader
Total stigning 886 Høydemeter

Kart

Sunnmørsalpane. Turglede Sykkylven

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Jan Hallvard Harstad 4
John Olav Svastuen 1
Liv Randi Foss 1
Are Uran 1
Oskar Øyen Klokk 1
Anita Hjorthol 1
Henrik Hoff 1
Synnøve Hunnes 1
Lisa Øyen Klokk 1
Britt Jorunn Blindheim 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
6. august 1
4. august 1
1. august 1
30. juli 1
29. juli 7
28. juli 1
26. juli 1
25. juli 1
23. juli 1
21. juli 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: