Aursneset

Ulstein
1178
Besøk
6,23
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Turen rundt Aursneset passar fint som treningstur enten du går, joggar, eller vil sykle. Turen passar også for rullestol eller barnevogn. Her går ein på grusveg heile vegen, i flott fjorlandskap, med utsikt mot Haddal,Leikong, Rovdefjorden og holmar og skjær i Eiksund. Ved turmålet er det rastebenk med fin utsikt.

Turbeskrivelse

Turen byrjar rett ved innslaget til Selvågtunellen på Haddalsida. Du går forbi Håheim, og rundar Aursneset på turen inn mot Selvåg. Turen går på grusveg heile vegen. Det er nokre holer i vegen, og nokre stigningar og krappe svingar. Ein følger grusvegen heile vegen, og skal ikkje ta av frå denne. Turkassa er plassert på ein rasteplass på nedsida av vegen, nedanfor Aursnesskogen, ca 250 meter etter skilting til Nissevegen og Haddalhornet. Om du vil forlenge turen kan du ta av ved turskilt merka Nissevegen. Det er ei rundløype som går på sti gjennom skog og på berg, tidsvis bratt,og kjem ned i Britahaugen i Eiksund, og deretter går på gangveg tilbake og forbi StikkUt turkassa. Fin forlengelse av turen dersom ein ynskjer det. Ein kan også gå vidare innover forbi turkassa på grusveg/gangveg heilt til Eiksund om ein ynskjer det.

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Selvågtunnellen tek du av til venstre, der du kan parkere.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av til høgre rett før Selvågtunellen.

Parkeringsplass ved Selvågtunellen, på Haddalssida

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 6,33
Lengde tur/retur (km) 6,23
Lengde en vei (km) 3,11
Stigning Meter Grader
Total stigning 28 Høydemeter

Offentlig transport

www.frammr.no

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ann Karete Breivik 55
Frank olav Røyset 49
Sølvi Breivik Garnes 47
Egil S. Dimmen 20
Evy Bakke Dimmen 20
Antoni Knotten 18
Anette Nygjerde Rise 17
Geir Egset 17
Solveig Nes Bakke 17
Berit Krøvel 14

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 5
17. august 10
16. august 7
15. august 11
14. august 11
13. august 14
12. august 3
11. august 6
10. august 9
9. august 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: