Blåtind frå Eiksund

Ulstein
279
Besøk
6,1
km tur/retur
rød

Kort om turen

Blåtind er den høgaste toppen på Hareidlandet (697 moh) og har flott utsikt til fleire fjordarmar (Volda, Ørsta, Rovde, Vartdal), mot Sunnmørsalpane og mot øyane på Ytre Søre Sunnmøre, altså alt det flotte Sunnmøre byr på; fjord, fjell, øylandskap og hav!

Turbeskrivelse

Start ved Eiksund vassverk (sjå bilete). Det er skilta der stien startar. Du følger god og merka sti heile vegen til topps. Det er jamn stigning heile vegen. Etter ein knapp time kjem du ut av skogen og resten av turen går på snaufjellet med godt utsyn utover sunnmørsnaturen. Litt før Grøthornet deler stien seg. Stien som er merka med pålar går mot Eiksundsætra (skilta). Stien til Blåtinden går opp til venstre og det er denne du skal følge. Mot slutten er det vardemerking til topps. Turen er omtala i boka "Fotturar på Sunnmøre"


Det er fleire ruter som fører til topps, mellom anna frå Haddal, frå Løsetvatnet. og frå Havåg. Vil du gå ein rundtur, kan du gå ned att til Havåg. Det er skilta. Det er om lag ein km å gå frå Havåg tilbake til der du starta.


Om du vil, kan du ta ein avstikkar opp til Haddalshornet. Det er skilta.


 


 

Adkomst og parkering

- Frå Volda/Ørsta, køyr mot Ulsteinvik. Like etter Eiksundbrua tek du av til høgre på Eiksundkaia.
- Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-område,t køyr mot Volda/Ørsta. Ta av til venstre på Eiksundkaia like før Eiksundbrua

Vegen svingar skarpt til venstre ved den gamle fergekaia. Når du møter Havågvegen ser du skilt til m.a. Blåtind på di høgre side. Følg skilting. Siste del av vegen opp til til vassverket er grusveg. Det er plass til 4-5 bilar ved vassverket.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,1
Lengde en vei (km) 3,05
Stigning Meter Grader
Total stigning 663 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan ta buss til Eiksund: http://www.frammr.no/
Det er ikkje langt å gå til Eiksund vassverk frå busstoppen ved Eiksundbrua.

Kart

norgeskart.no

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Asle Eiken 25
Jostein Eiken 23
Storhaug bjørn 6
Mona C. Andersen 4
John Vartdal 4
Bjørnar Falch Gundersen 4
Rune Thorholm 4
Knut Myklebust 3
Odd Elvanes 2
Ingvild Lødøen 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
15. august 2
14. august 13
13. august 2
12. august 4
9. august 1
8. august 2
7. august 1
30. juli 6
29. juli 9
28. juli 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: