4H hytta på Eidså

Vanylven
198
Besøk
3,74
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Dette er ein lett og familievennleg tur til 4H-hytta som vart bygd på dugnad av Vårbrus 4H i 1974. Hytta er bygd der det før sto ei gamal mjølkehytte der mjølkarane kunne overnatte. 4H-hytta er open for alle, og er eit fint turmål for dei som ikkje vil gå så langt. 

Turbeskrivelse

Det er kjerreveg og/eller opparbeidd sti heile vegen opp til 4H-hytta og såleis lett å finne fram. Turen går på skogsveg. Startpunktet på turen er skilta. 4H-hytta kan også vere første stopp viss ein vil gå vidare til Ringefjellet, Svartetua eller Taksetnakken. Hytta ligg eit eit område som er mykje brukt til turaktivitetar. 

Kulturminne

På veg mot 4H-hytta går ein forbi ein stad der det står Sessane på eit skilt. Dette er ein av dei mange kvilestadane rundt om i Vanylven for dei som bar mjølk frå støylen (sætra) og ned att i bygda morgon og kveld. Slike plassar var det vanlegvis oppmurte sitjeplassar der ein kunne kvile beina utan å måtte ta av seg hylkjet som ein bar mjølka i. Truleg var det meir behov for kvile på veg ned frå støylen med tung last enn det var på veg oppover.

Går ein litt forbi 4H-hytta finn ein kanskje restane av den oppmurte brua over elva som vart brukt når ein skulle køyre heim torv til brensel med hest. Området oppover mot og rundt 4H-hytta vart brukt til torvskjering heilt fram til rundt 1960.

På veg tilbake frå 4H-hytta kan ein leite etter restar av gamle murar i området nedanfor Sessane. Dett er restane av fjellgarden Nakkebøen som låg nordvestsida av Taksetnakken.

Adkomst og parkering

For å finne starten på råsa (stien) køyrer ein frå Eidså og tek av i retning mot Syvde i krysset mellom riksveg 62 og 651. Etter 500 meter tek ein av til høgre og inn på den gamle riksvegen. Der køyrer ein vel 400 meter før ein kjem fram til vegstasjonen til Mesta der det er god plass til parkering. Rett før vegstasjonen er det ein skarp sving til høgre opp ein relativt bratt bakke, og her finn ein og dei første skilta i retning Taksetnakken.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,74
Lengde en vei (km) 1,87
Stigning Meter Grader
Total stigning 256 Høydemeter

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
sverre sellevoll 24
Rolf Petter Løset 16
Edvin Takset 9
Marit Myklebust 4
Evelyn Midtbø 4
Tommas. Prozenko 4
Ørjan Larsen 4
Sander Elias Takset 3
Gudmund Sandnes 3
Herdis Midtbø 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 3
17. august 1
16. august 1
15. august 2
14. august 2
13. august 1
12. august 1
10. august 2
9. august 2
8. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: