Skåratinden

Vanylven
45
Besøk
4
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 16/5. Mykje snø enda.

Kort om turen

Flott utsiktstur til eitt av dei flotte symbolfjella på Rovde. Skåratinden er eit relativt frittliggande fjell på Rovde med god utsikt i alle himmelretningar. Toppen av fjellet er godt synleg frå både Ulsteinvik og Volda og også frå delar av dei andre nabokommunane. Veg heilt opp til 535 moh gjer at fjellet er raskt og lett å nå. Allereie etter vel 100 høgdemeter får ein utsikt mot havet, og utsikten vidar seg ut når ein kjem høgre opp. Turen går i lett og jamt over tørt terreng. Det langstrekte fjellet er forma hovudsakleg av dalbreane som laga Sundnesdalen og Årskogdalen på kvar si side av fjellet. Fjellet har menge tydelege skar eller skorer og namnet kjem nok av dette. Nokre kart nyttar skrivemåten Skoratinden i staden for Skåratinden. Botnbrear har og vore aktive for å forme terrenget, og ein botnbre har laga botnen fremst i Årskogdalen. I denne delen av landet blir ein slik botn ofte kalla ei skål eller ein kopp, og botnen fremst i Årskogdalen heiter Årskogkoppen. Dermed er det lett å forstå at den raskaste og brattaste ruta opp til Myrkevatnet blir kalla å gå opp Koppen.

Turbeskrivelse

Turen går frå enden av vegen i Årskogdalen, opp til Myrkevatnet, og derifra opp ryggen mot toppen av Skåratinden. Kortaste rute opp til Myrkevatnet er opp Koppen. Ei lenger og slakare rute opp til Myrkevatner er opp Riddarvegane. GPS-fila og kartet nedanfor har oppstigning opp kortaste rute og ei slakare nedstigning frå Myrkevatnet.

Adkomst og parkering

Det er skilta mot Årskogdalen ved hovudvegen på Rovde ca 150 meter vest for COOP. Ca 120 moh er det bom der ein betaler bompengar (kr 30 pr 1.7.2017) for å køyre resten av vegen. Vegen går heilt opp til 535 moh.

God parkering ved enden av vegen i Årskogdalen

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 471 Høydemeter

Kart

Turkart for Vanylven - til sals i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Janne-Iren Sundnes Voksø 3
Olrun Vada 3
Asle Lid 2
Paul Sindre Vedeld 2
Tommas. Prozenko 1
Kjell Erik Rotevatn 1
Erlend Koppen 1
Elin Aksnes 1
Turid Worren 1
Irma Kristin Moen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
9. august 1
7. august 1
1. august 3
30. juli 2
29. juli 1
28. juli 4
27. juli 1
23. juli 1
19. juli 3
15. juli 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: