Kalsethola er eit flott utsiktspunkt med utsyn mot Volda sentrum. Her er benkar, bålpanne og ei huske. I byrjinga av desember vert stjerna like ovanfor Kalsethola tent, og då er det ekstra populært å ta turen hit
Start ved parkeringsplassen ved Rotsethorntunellen. Frå austenden av parkeringsplassen går det gruslagd turveg. Gå opp bakken. Etter at du har gått gjennom grinda, tek du til høgre (sjå skilt) og vidare opp mot Kalsethola. Vegen går over tunellopninga. På retur kan du ta same veg, eller du kan velge å fortsette nedover mot Rotevatnet i staden for å svinge ned att til startpunktet (ved grinda). Då får du ein litt lenger tur.
Skogen ned mot Rotevatnet er hogd ned, så du ser kvar du skal gå. Når du kjem ned på vegen som går rundt Rotevatnet tek du til venstre gjennom ei grind. Følg vegen vestover i omlag 350 m og ta første veg til venstre opp til start. Etter ca 150 m kan du ta til høgre. Då kjem du til Volda stadion/Stadionparken, og du kan gå vidare ned Elvadalen eller til badeplassen Årneset.
Hugs å late att grinder etter deg! Her er sau på beite
Frå Volda sentrum køyrer du E39 mot Stryn/Bergen. Like før Rotsethorntunellen startar turen. Her er det god plass til å parkere.
Lengde i km | |
---|---|
Fast grus | 2,59 |
Total lengde rundtur (km) | 2,59 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 129 | Høydemeter |
Gangavstand for dei fleste i Volda sentrum.
Buss frå Volda retning Stryn
www.frammr.no
Frå Kalsethola kan du gå vidare ei bratt rute opp til Rotsethornet. Du finn turomtale på morotur.no
Turkart over Volda. Kan kjøpast på Intersport eller Norli i Volda
Navn | Besøk |
---|---|
Mai-britt gjerde | 76 |
Ingunn Kalvatn | 67 |
Svein Arne Egset | 62 |
Sissel Andenes | 59 |
Leif Sjevelås | 58 |
Sunniva Vågen Dimmen | 52 |
Anne Ullaland | 38 |
Rolf Lillerovde | 35 |
Lene Nedreberg | 33 |
Gunvor myklebust | 32 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
12. august | 3 |
11. august | 13 |
10. august | 8 |
9. august | 14 |
8. august | 13 |
7. august | 17 |
6. august | 17 |
5. august | 16 |
4. august | 16 |
3. august | 17 |