Rotsethornet

Volda
237
Besøk
7,65
km rundtur
rød

Kort om turen

Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda og har fantastisk utsikt frå toppen. Det vert hevda at du ikkje er ekte volding før du har vore på Rotsethornet. Denne ruta er den vanlegaste rundturen: opp den bratte "framsida" og ned Lisjedalen gjennom fin furu- og bjørkeskog. 

Turbeskrivelse

Start ved P-plass ved opninga (vestsida) til Rotsethorntunnelen  og gå på skogsveg over tunnelopninga og opp til Kalsethola. Her startar stien opp "framsida". Følg skilting og tydeleg sti, då du går trygt! Nokre plassar deler stien seg, men dei møtast igjen litt lenger oppe. Det er bratt opp gjennom lia her, men du får hjelp av kjettingar/tau og steg som er monterte i berget. Sjekk at eventuelle tau er trygge før du brukar dei! (dra litt hardt i dei) På Aksla er det naturleg å stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare opp mot toppen er det fortsatt litt bratt, men ikkje så bratt som det du har forsert til no. Du får belønning når du kjem til topps: utsikta er kjempeflott! - og bur du i Volda eller på Folkestad, ser du kanskje huset ditt. På toppen er det kjekt å ta pause før du går vidare. 
Følg tydeleg og merka sti vidare bakover. Du passerer utsiktspunktet Toskegjølet. Ta gjerne ein avstikkar dit, men ver forsiktig, det er langt ned!
Følg stien til du kjem til skilta stidele: Høgedalen/Humbersetsætra/Lisjedalen (N62 07.533 E6 06.315). Du skal følge den tydelege stien som går rett fram, til Lisjedalen. Følg denne heilt til du kjem ned på ein gamal skogsveg. Følg så denne skogsvegen til du kjem til ein nyare skogsveg (ca 0,4 km), og følg den heilt ned til Rotevatnet (ca 1,2 km). Vegen svingar seg nedover. Ved sving nr. 2 møter du vegen som går opp til Høgedalen, og like før sving nr. 4, kan du ta ein snarveg på tydeleg sti gjennom skogen. Følg vegen langs Rotevatnet tilbake mot start, ca 1,3 km. Ta av til venstre der Volda kommune, teknisk sektor, har lager. Då er det berre ein liten bakke igjen før du er tilbake til start. 

Adkomst og parkering

Parkering ved tunnelopninga til Rotsethorntunnelen

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 3,7
Total lengde rundtur (km) 7,65
Stigning Meter Grader
Total stigning 638 Høydemeter

Offentlig transport

Buss: frammr.no.
Ein kan også gå/sykle til start. Kjem ein til Volda med buss/ferge, kan ein gå opp den fine Elvadalen, forbi Volda stadion og til start

Spesielle forhold

Diverre har det skjedd dødsulukker på denne ruta. Dei har skjedd når turgåarane har kome vekk i frå stien. Held du deg til stien, er turen rekna for å vere trygg. Også born likar denne turen. Det er kjekt å få "klatre" litt, men dei bør gå i lag med trygge og turvandte vaksne. Dersom du ikke vil gå opp den bratte framsida, kan du følge ruta opp Lisjedalen. Det er også ein flott tur! Du kan då gjerne sykle til start eller starte i Vassbotnen.

Kart

Sunnmørskart

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Silje Kristoffersen Eikeset 8
Solfrid Teigen 5
Sissel Andenes 3
Torgeir Bratteberg 3
Idun Bakke Liaskar 3
Morten Osdal 3
Robert Bratteberg 3
Jonas Rafteseth 2
Arve Lidarende 2
Skjalg Lidarende 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 1
15. august 3
14. august 6
12. august 1
9. august 1
8. august 2
7. august 4
6. august 1
4. august 1
1. august 4

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: