Vardehornet

Volda
952
Besøk
4
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 4/5.

Kort om turen

Turmålet ligg midt i eit populært turområde nord for Volda sentrum. Mange ruter fører til turmålet. Denne turomtalen går frå Håmyra og stort sett på sti til topps. Flott utsikt på toppen til m.a. Volda sentrum og Folkestadferga. Fin trimtur eller etterjobb-tur.

Turbeskrivelse

Start frå parkeringsplassen ved eit nytt byggefelt (Håmyra). Gå på grusveg (Prestesætrevegen) ca 250 m, til første svingen. Her tek du av på sti på høgre side av Håmyrelva (skilta). Følg stien til du kjem opp på ein eldre skogsveg. Ta til høgre og følg skogsvegen knapt 150 m til du kjem til skilt som viser til Vardehornet.


NB! På grunn av hogst i området er stien ikkje i same stand som før, men den har blitt nokså godt rydda så det er greit å gå her. Følg raude merkepinnar.


(Alternativ rute: Følg Prestesætrevegen til Dinglavatnet og følge ryggen derifrå vestover til Vardehornet (skilta) - sjå turskildring for denne ruta her:Vardehornet via Dinglavatnet).


Følg stien gjennom høgsfeltet til du kjem til ei retningspil. Følg denne retninga vidare opp gjennom høgstfeltet til eit myrområde der det er lagt ut nokre kloppar. Så går du vidare i lauvskog og stien går fin og tørr på ein rygg. Der ryggen sluttar kjem du ut av skogen. No ser du turmålet. Gå over eit kort myrområde før du følger stien vidare til topps. Det er god og tydeleg sti. Du kjem først til ein varde. Gå litt vidare så kjem du heilt bak på Vardehornet.


Frå Vardehornet kan du ta austover og følge sti til Dinglavatnet og så grusvegen ned att til start (Prestesætrevegen). Du kan også ta vestover og ta turen vidare mot Ring/Niven/Tverrberget. Her er mange turalternativ.


I denne turomtalen tek vi same vegen ned att heilt til du kjem ned til den eldre skogsvegen der det er skilta til Vardehornet. Her tek du til venstre og følger vegen til du kjem til Prestesætrevegen, ta til høgre og følg vegen ned til Prestesætra. Her er det ein flott gapahuk som Rotary har bygd. På vestsida av sletta ved gapahuken går det ein sti som du kan følge til du igjen kjem inn på Prestesætrevegen. Så følger du denne vegen ned til start. Du kan også velge å følge vegen frå Prestesætra og ned att.

Adkomst og parkering

Frå Volda sentrum med bil: Køyr E39 retning Stryn. Ved rundkøyringa ved høgskulen køyrer du rett fram (Vikebygdvegen). Ta første veg til venstre (Heltnevegen) og så Raudemyrvegen nesten til endes, til du kjem til Håmyra byggefelt (nytt). Totalt ca 3 km. Parkering ved turstart

Du kan gå til start frå dei fleste plassar i Volda sentrum.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 1
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 441 Høydemeter

Offentlig transport

Ringruta i Volda - frammr.no

Kart

Nærturkart Volda

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Jan Helge Løseth 27
Magny Bjørneset 21
iryna samchuk 11
arne ullaland 10
Stian Fure 10
Ingunn Kalvatn 10
Jonny Bjørneset 10
Karoline Aarskog 9
Liv Woldsund 9
Per Halse 8

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 4
11. august 2
10. august 6
9. august 5
8. august 11
7. august 8
6. august 4
5. august 5
4. august 1
3. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: