Gunnarråsa

Ørsta
642
Besøk
2,76
km tur/retur
blå

Kort om turen

Gunnarråsa er ein fantastisk tur som raskt gjev nydeleg utsyn over Hjørundfjorden og dei storslegne fjella rundt. Stien er lett tilgjengeleg frå Sæbø sentrum og passar godt både som trimtur og koseleg familietur året rundt. 

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved Kapteinkvia i Kvievegen går ein opp til fonnvernet. Der er det godt skilta mot "Gunnarråsa", og stien held fram på venstre side av fonnvernet. Her passerer ein også skiltet opp til utsiktspunktet  "Hjartebenken". Vidare kryssar stien den nye anleggsvegen og den nybygde gapahuken (med vedovn). Så held stien fram oppover gjennom både ope landskap og variert skogsterreng. Det er ingen beitedyr eller gjerder på stien. Du veit at du har nådd toppen av Gunnarråsa når du ser merkesteinen (370 moh), gapahuken Fredbu, hengekøya og huska. Her kan du ta flotte bilete, unne deg ein velfortent pause, og nyte den storslegne utsikta over Hjørundfjorden og Sæbø. Omkransa av fjell som Saksa i aust, Slogen ruvande i sør-aust, Jakta rett i mot, og med Dalegubben i ryggen, er utsynet frå 370 moh mektig. Det er mogeleg å overnatte der, og dersom ein ynskjer kan ein fortsette opp på Dalegubben. 

Adkomst og parkering

Følg fylkesveg 655 til Sæbø, køyr forbi ferjekaia og vel 2. avkøyring til venstre inn på Kvievegen, og køyr opp slik at du ser "familieparken" Kapteinkvia på høgre hand. Der er det ein liten parkeringsplass med plass til omlag 5 bilar. Elles kan ein parkere i Sæbø sentrum.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 2,76
Lengde en vei (km) 1,38
Stigning Meter Grader
Total stigning 371 Høydemeter

Offentlig transport

Det går buss til Sæbø sentrum frå Ørsta, https://frammr.no
Om ein kjem frå Urke/Øye, går det ferje frå Leknes til Sæbø.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Irene Ville 59
Gunnar Stokke 26
Gunn Homberset 17
Monica Elise Follestad 16
Hilde Sæbønes 15
Regine Aklestad 13
Malvin Øye 8
Nina Måseidvåg 6
John Petter Aarseth 6
Sara Konstanse Årseth 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 1
10. august 5
9. august 10
8. august 8
7. august 2
6. august 2
5. august 3
4. august 2
3. august 2
2. august 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: