Nes på Trandal

Ørsta
199
Besøk
3,5
km tur/retur
grønn Barnevognvennlig

Kort om turen

Trandal er ei roleg og sjarmerande grend midt blant ville fjell i Hjørundfjorden. Hit kjem du berre med ferje eller båt. Turen er perfekt for barnefamilie med berre litt stigning i starten, og er elles ein flat tur på grusveg utover langs Hjørundfjorden. 

Turbeskrivelse

Ta ferja frå Sæbø, Standal (nærast) eller Lekneset. Frå ferjekaia på Trandal går du oppover kommunevegen til du møter ei bru i krysset ved tredje krappsvingen. Her tek du til venstre over brua, og følgjer Trandalvegen på Ytre Trandal eit par hundre meter til første krappsving. Ta her til venstre/følg rett fram, istadenfor å gå oppover i bygda. Så følgjer du denne graskledde grusvegen utover fjorden til Uraneset. Her er Stikk UT posten på ein stolpe på oppsida av vegen ved pauseplassen/benken. . Magisk og fjordnær utsikt! Same veg tilbake, eller du kan utvide turen i motsett retning med besøk til unike Christian Gard Bygdetun!

Adkomst og parkering

Du må ta ferje eller båt til Trandal, og på Trandal treng du ikkje bil. Du kan derfor parkere på ferjeleiet enten på Sæbø eller Lekneset eller Standal. Standal har kortast overfartstid til Trandal.
I mai, september og oktober går ferja til Trandal på signal, det vil seie at du må gi beskjed til ferja minst 1 1 time før avgang at du skal ta den. Sjå tider i ferjerute 16: Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store_Kalvøy: https://frammr.no/FRAM/Rutetabellar/Ferje
Fylkeskommunen har stadfesta at i juni, juli og august så er det dei same rutetidene, og at ferja til Trandal er ordinær tur sommarmånadane.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,7
Lengde tur/retur (km) 3,5
Lengde en vei (km) 1,7
Stigning Meter Grader
Total stigning 51 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, buss til ferjeleie Sæbø, Leknes eller Standal. Vidare ferje på signal i mai, september og oktober. Ordinær ferjerute sommarmånadane.
https://frammr.no/ezflow_mrfylke/view/1241568/16+Standal-Trandal-S%C3%A6b%C3%B8-Sk%C3%A5r-Valder%C3%B8ya-Store+Kalv%C3%B8y+06.01.22-31.05.22+og+01.09.22-31.12.22.pdf

Spesielle forhold

Utvid gjerne gåturen etterpå den andre vegen til Christian Gard Bygdetun, ein unik stad med servering, overnatting og gjestfritt vertskap - og den verdskjende reia/huska i tuntreet!

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Kari Vedde 9
Sverre Måseidvåg 8
Ivar Ola Rønning 8
Helge Blindheim 7
Åse-Marie Rønning 3
Randi Hasselø 2
Ingrid Rønning 2
Heidi Sæther 2
Stine Inger Hammer 2
Bjørg Myrvang Nerlandsrem 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 4
10. august 5
7. august 4
2. august 3
1. august 3
31. juli 2
30. juli 4
29. juli 9
28. juli 6
27. juli 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: