Rundtur Okla (pølsa), Dinglavatnet, Osdalen

Ørsta
1119
Besøk
5
km rundtur
blå

Kort om turen

Rundturen Okla(pølsa),Dinglavatnet,Osdalen har jevn stigning opp til Okla med flott utsiktspunkt mot Hovdebygda og Ørsta ved Vindpølsa (pølsa).Vidare langs Okla til ein tek av ned mot Dinglavatnet og videre til Osdalen. Der er ein sittebenk litt ovanpå Sætra. Ta gjerne ein tur inn om sætra.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen kan du gå både skogsvegen 0,9 km eller på sti. Stien startar ca 100 meter frå parkeringsplassen. Ved enden av skogsvegen ca 0,9 km er der planlagt ein gapahuk. Her ved inngangen til Osdalen vil ein passere Dalsmunngarden (steingard) og kjem snart til eit skilt som er merka med Pølsa/Okla, ta av her. Stien er steinlagt mange plassar. Brattaste partiet på turen er når ein kjem til ura. Stien er tydelig og tilrettelagt med steinar oppover. Like før en kjem ut av Oklaskogen er der plassert ei hengekøye og det er mogleg å sette seg ned ved sida av, med fin utsikt mot Hovdebygda. Når en kjem ut av skogen følger ein stien oppover til Pølsa/Okla. Ved pølsa er det fint å sette seg å ta ei pause å nyte utsikta. Her er også ei turkasse til å skrive seg inn i. I jula vert her sett opp eit juletre som er 6-7 meter høgt. (Til opplysing er turen til Okla/Pølsa og tilbake, stort sett trakka med ei rås heile vinteren, rår til å nytte piggsko/broddar/skistavar.) Stien går vidare innover langs kanten i flatt terreng til ein kjem til ein varde og eit lite jøl som en passerar. Like etter kjem eit sti kryss med skilt til Dinglavatnet og ein skal då ta til høgre. Dette er det høgste punktet på turen og nedturen starta.r Følg stien nedover så vil ein få auge på Dinglavatnet. Stien går ved sida av demninga ned til høgre. Videre ned Dinglavassbakkane mot Ossætra og Osdalen. Like før ein kjem til Ossætra, er der plassert ein benk som er grei å kvile seg på. Om ein vil, kan man gå om Sætra. Videre passerar stien ei hytte på høgre side. Stien går vidare mot Dalsmunnen og Dalsmunngarden. Når ein kjem ned på enden av skogsvegen kan ein velge om ein vil følge den eller stien til parkeringsplassen. Rundturen kan en også gå motsatt veg. 


OBS! 29. april 2022: Det er noko snøv i sida ned mot Dinglavatnet. Kan vere greitt å snu ved pølsa, fram til 17 mai. 

Adkomst og parkering

Frå E39 tek ein av mot Rystefeltet. Der står infotavle ved starten av feltet. Ein kan kjøre begge vegar i første kryss. Skal ein øverst i feltet til høgre oppom husa der vegen går langs elva videre til tranformatorstasjonen Rystene. Første veg oppom den er ein grusveg som fører til lunneplassen som vert brukt til parkeringsplass med plass til 20-25 biler. Skogsvegar videre er stengt.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 0
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 5
Stigning Meter Grader
Total stigning 458 Høydemeter

Offentlig transport

Ved E39 er der busstopp frå Volda ved inngang av Rystefeltet, følger så gangveg til Infotavle.Frå Ørsta ca 300 meter forbi krysset, kan då gå tilbake til info tavle i ved inngang av Rystefeltet.

Kart

Sunnmørsalpene

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Bent Ådne Ose 62
Tanja Elisabeth Sande 58
Trine Storborg 39
Mariann Støylen 28
Karoline Aarskog 21
Trond Brautaset 20
Ragnhild Åmelfot 14
Anja Renate Hjelle Følsvik 13
Per Halse 12
iryna samchuk 12

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 6
17. august 4
16. august 8
15. august 19
14. august 31
13. august 7
12. august 8
11. august 5
10. august 11
9. august 7

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: