Ytstestøylen på Skår

Ørsta
55
Besøk
2
km rundtur
grønn

Kort om turen

Til veglause Skår på vestsida av Hjørundfjorden, må du ta eigen båt eller leige skyssbåt. Besøk hit er derfor mest som eit eventyr! Råsa frå Skår til Lissjedalen er fin sommarstid, spesielt for born, med flott utsikt mot fjorden og fjella på austsida av Hjørundfjorden.

Turbeskrivelse

Parkering er ved ferjekaia enten på Sæbø, Standal eller Lekneset. Ferje til Skår går på signal, det vil seie at du må gi beskjed til ferja minst 1 time før avgang at du skal ta den. Sjå ferjeruta tidene den kan gå til Skår. Det er også mogleg å bestille skyssbåt (Christian Gard, Trandal, Daniel Storeide).
Frå ferjeleiet på Skår går du grusvegen på skrått oppover forbi første gardstunet til første sving. Her tek du av grusvegen og fortsett på grasveg rett fram på brua over Skårelva, og held fram på kort veg nokre meter før råsa startar. Deretter er det berre å gå vidare i råsa som går langsmed og utover Hjørundfjorden i retning Sæbø til du kjem til ny lita bru i Lissjedalen. For å nå Stikk Ut posten går du over brua, og litt vidare nedover utover og utover til eit ope grasområde der Ystestøylen låg før. Her er ingen bygningar att, men god beitemark for sauer. Same veg tilbake.

Adkomst og parkering

Det går ferje til Skår på signal, sjå ferjerute 16 Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store_Kalvøy: https://frammr.no/FRAM/Rutetabellar/Ferje
Fylkeskommunen har stadfesta at i juni, juli og august så er det dei same rutetidene, og at ferja til Skår går på signal.
Du kan sette att bilen ved ferjeleiet på Sæbø, Standal eller Lekneset (om du kjem frå indre).

Evt. skyssbåt kan tingast frå Christan Gjestegard på Trandal (Daniel Storeide).

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 2
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 2
Stigning Meter Grader
Total stigning 72 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, buss og ferje på signal. Sjå info over under adkomst og parkering.
https://frammr.no/ezflow_mrfylke/view/1241568/16+Standal-Trandal-S%C3%A6b%C3%B8-Sk%C3%A5r-Valder%C3%B8ya-Store+Kalv%C3%B8y+06.01.22-31.05.22+og+01.09.22-31.12.22.pdf

Spesielle forhold

Gå gjerne oppom det øvste tunet på Skår, Skarabakkane. Her er det fint oversyn over Skår og naturen rundt. Her er det laga koseleg serveringsstad i den tidlegare løa, og du kan få kjøpe mat og drikke i helgane og når det er folk heime.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Iselin Skår 4
Iselin Berg Skår 3
Stig Erik Berg 3
Stig Erik Berg 3
Linda Skår 2
Øyvind Rødal 2
Eiril Skår-Rødal 1
Jørn Harald Høydal 1
Stefan Schjelderup 1
Wenche Kristin Relling 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
14. august 2
13. august 9
12. august 1
7. august 1
5. august 3
24. juli 1
3. juli 2
2. juli 6
26. juni 2
18. juni 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: