Fin tur langs seterveg opp til Amdamsetra. Du kan forlenge turen med å gå vidare til Gamle Lisetsetra eller Snaufjellet.
Følg setervegen som går opp frå Giskemosaga. Hald til høgre i det første vegdele. Det står skilt der du skal ta av til Amdamsetra. Sjå bildet. Ta av til venstre her og gå eit par hundre meter bort til setra. Turmålet er utsiktspunktet like på nedsida av vegen når du kjem inn på setra. Herifrå er det fin utsikt mot Sjøholt. Fine klatretrær der du kan ta flotte bilde! Amdamsetra er ei nyare seter som vart opparbeidd rundt 1940. Sela ligg side ved side. Det var seterdrift her til ca 1960.
Det går dyr på beite i området i periodar. Ikkje skrem dyra på nokon måte.
Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra m. fl. Parkering ved Giskemosaga.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0 |
Fast grus | 3 |
Lengde tur/retur (km) | 4 |
Lengde en vei (km) | 2 |
Total lengde rundtur (km) | 0 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 258 | Høydemeter |
Timeekspress til Valgermo
Ørskogfjellet
Navn | Besøk |
---|---|
Egil Asgeir Olsen | 13 |
Roger Amdam | 12 |
eldbjørg ringseth stensli | 10 |
Inger Johanne Grønningsæter | 9 |
Knut Søvik | 8 |
Hege Kathrin Hiller | 7 |
Aud Gjære | 7 |
Lars Tore Nerbøvik | 7 |
Magne Rødset | 7 |
Rita Olsen | 7 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
11. august | 3 |
10. august | 9 |
9. august | 3 |
8. august | 2 |
7. august | 8 |
4. august | 3 |
3. august | 4 |
2. august | 5 |
1. august | 3 |
31. juli | 6 |