Elvastien, Sjøholt

Ålesund
5903
Besøk
1,3
km tur/retur
grønn Rullestolvennlig for elektriske rullestoler Barnevognvennlig Sykkelvennlig

Kort om turen

Området langs Ørskogelva er ei naturperle. Elvastien er universelt tillaga og kan brukast for naturopplevingar og trim for alle. Turvegen har asfalt, ledekant for blinde og lite stigning. Langs vegen finn de Elvaløa, 2 gode rasteplassar, grillplass og kvilebenkar. Flotte trefigurar står langs vegen til glede for store og små.

Turbeskrivelse

Start ved Ørskog kyrkje og gå søraustover langs Ørskogelva. Følg vegen 650 meter langs elva. Turvegen ligg fint til langs Ørskogelva. Du kjem spesielt nær naturkreftene ved omsorgsboligane ved Smibakken ein styggversdag. Her står det ein flott portal i smijarn ved inngangen til Smibakken som lokale, frivillige smedar har laga. Elvaeigarlaget har sett opp ei fin grindløe - Elvaløa, ved den rasteplassen som ligg lengst mot aust. Her er det langbord, hellelagt golv, ved og grill som alle kan bruke. Ørskog Historielag har utarbeidd tekst og funne bilde til skiltet med informasjon frå gamle dagar. Skiltet står like ved Elvaløa. Elvaeigarlaget har også bygd ein stor fiskeplass med universell utforming og bord og benkar. Elvastien har fått 16 store og små figurar i tre og metall som den lokale kunstnaren Jørund Amdam har laga. Frivillige har restaurert dei og montert alle figurane ved Elvastien sommaren 2015. Her har Elva-Pe fått heidersplassen like ved elva og løa. Elvastiens venner held stien fin og ryddig. Dette er ei tur / retur løype der ledekanten gjer ein sving som avsluttar turvegen med universell utforming. Ein fin rundtur i sentrum: Start ved kyrkja, gå Elvastien, hald fram vidare på eksisterande gangveg på grov grus opp ein traktorveg med ganske bratt stigning, gå over Steinholtbrua, vidare gjennom bankparken, undergangen og tilbake til kyrkja.

Kulturminne

Ørskog prestegard på Sjøholt ligg omkring 300 meter søraust for kyrkja frå 1873. Prestegarden har ei bygningskjerne frå byrjinga av, eller midten av 1800-talet. Planløysinga viser at det i fyrste høgda har vore eit eige bispekammer. I tillegg til hovudhuset, er stabbur og forpaktarbustad frå slutten av 1800- talet freda. I 1926 blei bygninga restaurert etter forslag av arkitekt Ole Landmark.

Adkomst og parkering

Ta til venstre i Sjøholt sentrum. Køyr sørover til Ørskog kyrkje, ca 300 m.
Parkering ved Ørskog kyrkje. 2 merka HCP og HWC like ved parkeringa.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,3
Lengde tur/retur (km) 1,3
Lengde en vei (km) 0,00

Offentlig transport

Buss til Sjøholt sentrum og gå ca. 300 meter til startpunktet ved Ørskog kyrkje.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Solgunn Ramsvik 88
Aud Kongsnes 54
Steinar Otto Sjøholt 47
Siri Mette Søvik 42
Kjetil Søvik 36
eldbjørg ringseth stensli 36
Ingebjørg Brune 32
Gunn Slemmen 31
Andreas Vaslag 31
Inga Vaslag 30

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 43
17. august 26
16. august 24
15. august 39
14. august 65
13. august 29
12. august 34
11. august 23
10. august 26
9. august 39

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: