Giskemonibba

Ålesund
299
Besøk
11,6
km tur/retur
blå

Kort om turen

Fin tur i ope terreng med tydeleg rås. Bjørkeskog i starten. Jamn stigning, nokre bratte parti mot slutten. Snøfritt i slutten av mai. Terrenget er for det meste tørt og du går på eit par små bergnibber den siste biten før toppen. Bratte sider mot nord og vest. Fin utsikt i fleire retningar.



Turbeskrivelse

Start på Stortrøna ved E 39 mot Ørskogfjellet. Følg skilting til Giskemonibba langs grusveg opp til Kvanndalen. Ta av frå parkeringsplassen på nordsida av grova. Her kan det i periodar vere litt vått. Kryss grova etter 40-50 m slik at du kjem over på sørsida. Her er råsa litt utydeleg, men er lett å finne etter kvart og er grei på resten av ruta. På kanten over skoggrensa kryssar ein over til nordsida av grova att. I staden for å gå same ruta tilbake, kan ein gå til Høgsætra. Ein går då litt tilbake før ein svingar austover bratt ned mot skaret på tydeleg rås. Alternativ rute til Giskemonibba kan vere å starte ved Giskemosaga og gå til Høgsætra.Frå Høgsætra kan ein følgje ryggen (ut mot Landedalen) mot Giskemonibba. Råsa opp frå stølen på Høgsætra er litt overgrodd av einer i starten. Ho er og litt utydeleg i skaret før toppen. Terrenget er tørt og fint, men bratt det siste stykket.


Adkomst og parkering

Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba og Postvegen. Dei fleste kjører bomvegen fram til elva. Dette gjer turen meir familievenleg.


E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 7,6
Lengde tur/retur (km) 11,6
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 485 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Bjørn Olav Sylte 8
Marit Sjåstad Sand 3
Michael Rødsand 3
Vidar Sand 3
Jarle Grønningsæter 3
Håvard Ramsvik Johansen 3
Fride Myrseth 2
Sverre Jørgensen 2
Inger Johanne Grønningsæter 2
Odd Endre Fugelsnes 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 1
15. august 2
14. august 8
13. august 1
12. august 2
11. august 1
10. august 5
9. august 1
7. august 13
5. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: