Hellandshornet (882) i Haram kommune er ein flott fjelltur med god utsikt mot Nordøyane og ut i havet. Kan også kombinerast med ein tur vidare til Keipen og Storfjellet. Turmålet er toppvarden.
Stien starter frå parkeringsplassen, og den er enkel å finne. Den første delen er opp til Heia der turen går gjennom skog på ein ganske bratt sti. Dette er også den aller tyngste delen av turen. Nokre stader heng det tau festa på sida av stien som gjer det litt enklare. Det er verken luftig eller farleg, om kun ein fare for å få støle lår og leggar, eller kanskje ein blåkul på rumpa om du har lyst ned veldig fort. Når du kjem over dette stykket, har du utsikt heile vegen, og kan sjå opp mot sjølve fjellet. Følg stien vidare langs kanten, fram til du skal gå skrått mot høgre der stien er merka. Stykket oppover Skjervheian har fin sti med småstein, lyng og mose. Stien forsvinn innimellom, men det er nok av steinar med raud merking og vardar. Følg desse og ta sikte mot foten av den siste stigninga. Den siste delen opp mot sjølve toppen er steinur og litt brattare. Det kjem ei lita improvisert hytte med pipe på høgre sida, og toppvarden følgjer like etter. Det høgaste punktet ligg ikkje ved varden, men knapt 2-3 minutt lengre sør. http://fjellglede.blogspot.no/2013/04/hellandshornet.html
Køyr Fv 659 mot Brattvåg, og ta av til høgre mot Hellandshamn på veg nr 5966. Etter bebyggelse kjem ein lang venstresving, og du passerer ein fabrikk på høgresida. Avkøyring til parkeringsplassen ligg i neste kryss (sjå bilde). Vegen som fører til parkeringsplassen ved stien er ujevn og det kan vere vanskeleg for lave bilar å køyre fram til. Det er eit par parkeringsplassar langs vegen (ved krysset) der ein også kan parkere.
Lengde i km | |
---|---|
Lengde tur/retur (km) | 6,58 |
Lengde en vei (km) | 3,29 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 853 | Høydemeter |
Det går buss ein sjeldan gong, sjekk www.frammr.no, Hellandshamn. Ikkje sikkert at bussen går forbi der turen startar, og ein må då gå eit stykke.
093 Vigra (Statens Kartverk)
Navn | Besøk |
---|---|
Stig Gribbestad | 108 |
Sharon Svendgård | 23 |
Annette Gribbestad | 6 |
Vibeke Aarseth | 2 |
Hugo Vestre | 2 |
Robin Helle | 2 |
Therese Grytten | 2 |
Lena Godø | 2 |
Greta Langva | 1 |
Sissel Johansen | 1 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
18. august | 3 |
17. august | 1 |
16. august | 2 |
15. august | 1 |
14. august | 5 |
13. august | 3 |
12. august | 1 |
11. august | 1 |
10. august | 4 |
9. august | 2 |