Midtremma (Skuløy/Flemsøy)

Ålesund
1375
Besøk
3,58
km rundtur
blå

Kort om turen

Dette er ein lett og fin tur, spesielt for barnefamiliar. Vegen er lett framkomeleg, og du kan stoppe og raste ved fleire gapahukar og bålplassar langs ruta. Turen er fin heile året, og du kan både gå og sykle. Her går det også an å ta seg fram med barnevogn, dersom vogna har gode hjul. Dette er ei rundløype.

Turbeskrivelse

Når ein startar ved gravplassen på Longva, kan ein gå begge vegar. Viss du vil gå ein enkel tur, kan du gå opp på vegen og ta til høgre og gå langs vegen til du kjem til ein grusveg som går ned til høgre og følge den innover. Eit stykke innover treff ein på Midt-Remma gapahuken og der heng Stikk-UT-postkassa inne i gapahuken. For å gå rundturen fortset ein forbi gapahuken til ein kjem til hovudvegen. Da tek ein til venstre opp mot Framtun. Når ein kjem opp til krysset ovanfor Framtun skal ein krysse vegen og følge råsa opp til fjellfoten. Der tek ein til venstre inn i skogen og følger råsa/traktorvegen. Etter kvart treff ein på ei ny postkasse, ein har da komt til Djupedalen. Der fortset ein rett fram, ein treff også på ein ny gapahuk inne i skogen. For å komme tilbake til start fortset du vegen til du ser gravplassen nede ved hovudvegen.


 


 

Adkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre og gjennom tunnel til Austnes. Køyr vidare langs Ullavegen til Ulla. Du køyrer vidare over brua, og etter den tek du til høgre mot Longva på Longvafjordvegen. Når vegen deler seg tek du til venstre mot Rogne. Følg vegen til du møter parkeringsplassen til Gravstaden på Rogne. Eller du kan køyre litt lengre og parkere ved Framtun.
(Det er gratis å køyre Nordøyvegen fram til offisiell opning 27. august 2022 - etter det blir det bompengar.)

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 3,58
Stigning Meter Grader
Total stigning 45 Høydemeter

Offentlig transport

For å komme til Flemsøy/Skuløy må ein ta ferje eller hurtigbåt til Haramsøy. Det går nokre bussar, men ver obs på sommarruter. Det er best å køyre bil eller sykle, men det er ganske langt å sykle frå fergekaia på Austnes.
Ferjeruter: www.frammr.no. https://frammr.no/ezflow_mrfylke/view/1098826/21+Skjeltene%E2%80%93Leps%C3%B8ya%E2%80%93Harams%C3%B8ya+01012020.pdf
Buss: www.frammr.no

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Bjørn Kåre Høistad 104
Aud Høistad 104
Marion Bergheim 74
Trine Søvik Rønning 60
Anders Jarle Rogne 38
Anja Flem 32
Christian Rønning 32
Per Kåre Flem 31
Beate Rudi Longva 28
Krzysztof Piasecki 22

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 17
17. august 9
16. august 4
15. august 13
14. august 23
13. august 11
12. august 13
11. august 4
10. august 16
9. august 10

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: