Remmefjellet

Ålesund
1666
Besøk
5,52
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen opp til Remmefjellet (267) er ein fin tur for heile familien. I gamle dagar var vegen over Remmefjellet hovudferdselsåra mellom Brattvåg- og Vatne-sida. No er vegen grodd igjen til ein skogsveg, med eit fint og lett turområde i ope terreng. Oppe på Remmefjellet er det eit stort og flatt område, der vegen går parallelt med kraftlina. Skogsvegen er også populær blant syklistar. Ved trimpostkasse, like før der vegen går nedover mot Remme.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen skal ein følge vegen som går parallelt med elva mot nord (på høgresida når ein kjem køyrande mot Slyngstad). Etter om lag 400 meter, rett etter ei ferist, kjem ein til infotavla om fiskekortsal. Ta då t.v. ved skilting til Remmefjellet og Urfjellet. Ein kjem snart til eit par hytter der ein tek t.v. på litt våt rås gjennom tett granskog. Ta så t.h. opp den tørre og fine skogsvegen som går i jamn stigning opp mot Remmefjellet. Like før ei gammal steinbru (over elva) er det sett opp kvilebenk der ein har god utsikt mot Tennfjord og Fannevatnet (Slyngstadvatnet). Like etter steinbrua blir terrenget slakt, og ein kan fortsette vidare til trimpostkassa som er plassert ved nokre steinar like før det går nedover mot Remme igjen. Det er sett opp kvilebenk og bord ved trimpostkassa. Turen kan forlengast – enten til Øygardsheia eller til Urfjellet.

Adkomst og parkering

Frå E39 skal ein ta av på FV 661 mot Brattvåg og Vatne. Følg FV 661 forbi Engsetdalsvatnet. I krysset på Eidet tek ein av til venstre på FV 659 mot Brattvåg. Etter om lag 3,5 km kjem ein til ei bru over ei elv. Her er det parkeringsplass på begge sider av hovudvegen.

Kjem ein frå Ålesund kan ein også køyre RV 658 via undersjøisk tunnel, vidare over Ellingsøya på RV 107 mot Stette i Skodje kommune. Når ein kjem til krysset som viser RV 661 mot Brattvåg tek ein av t.v.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,8
Lengde tur/retur (km) 5,52
Lengde en vei (km) 2,76
Stigning Meter Grader
Total stigning 228 Høydemeter

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Arne Otto Sørdal 96
Sveinung Hellem 94
Inger Synnøve Remme 93
greta karin grytten 59
Inger Anne Myren Slyngstad 24
Anne Karin Remme 22
Johanna Hopland Slyngstadli 21
Jogeir Slyngstad 20
Maria Rem Midtlid 20
Sissel Johansen 14

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 14
16. august 5
15. august 22
14. august 20
13. august 13
12. august 9
11. august 3
10. august 16
9. august 13
8. august 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: