Ryssdalsheia (Fremste Synnalandsheia) frå Brattvåg

Ålesund
627
Besøk
4,42
km tur/retur
blå

Kort om turen

Tur i stort sett lett terreng med fin utsikt frå toppen. Registrering i Brattvåg IL Trimgruppe si bok ved varde på toppen. Om ein ønsker ein rundtur, kan ein enten gå vidare til Ryssdalstjønnene og følgje Dyrstigen (nokså våt sti) ned til Synnalandsvatnet og tilbake til utgangspunktet, eller følgje Ryssdalen nordover og kome inn på opphaveleg rås igjen. 

Turbeskrivelse

Start frå parkeringsplass ved demninga i nordre enden av Synnalandsvatnet. Vestover over demninga og kort nordover før ein tek av mot bygninga til Brattvåg vassverk (følg skilt med «turløyper») og relativt bratt stigning opp mot Hestevatnet. Ta av til venstre på godt merka sti mot Ryssdalen ved toppen av stigninga og gå sørover langs ryggen på Fremste Synnalandsheia (455 moh). Ta av ved skilting mot Ryssdalsheia fram til varde.


For ein rundtur kan ein gå tilbake til krysset der ein tok av til Ryssdalsheia og følgje skiltinga vidare mot Ryssdalstjønna. Her kan ein enten følgje Dyrstigen ned og austover i relativt bratt og vått terreng til ein møter vegen langs vestsida av Synnalandsvatnet. Følg den nordover til utgangspunktet ved demninga.


Ein kan også følgje Ryssdalen nordover og kome inn på den opphavelege råsa igjen.

Adkomst og parkering

Etter Haramssenteret i Brattvåg sentrum tek ein av til venstre og køyrer forbi Brattvåg barneskole. Her skal ein ta til venstre igjen mot idrettsanlegg og skular. Køyr forbi idrettsanlegget til Brattvåg IL og ta av første veg til høgre. Etter om lag 200 meter kjem ein til stor parkeringsplass på høgre sida, ved demninga til Synnalandsvatnet.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,42
Lengde en vei (km) 2,21
Stigning Meter Grader
Total stigning 365 Høydemeter

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Monica Grønmyr 74
Annette Gribbestad 60
Karin Alvestad 27
Trond-Jarle Moe 24
Ninja Grønmyr 22
May Iren Skjelten 20
Ellinor Laverton 17
Kristina Tharaldsen 11
Randi Grønmyr 10
Thor Grønmyr 10

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 5
17. august 4
16. august 2
15. august 3
14. august 4
13. august 2
12. august 5
11. august 1
10. august 6
9. august 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: