Skodjebruene - rundtur

Ålesund
6423
Besøk
3
km tur/retur
grønn

Kort om turen


Skodjebruene er tre vegbruer i Skodje kommune i Møre og Romsdal. De to gamlebruene var tidligare del av riksveg 661 over Skodjestraumen. Skodjestraumen bru krysser Straumen (Storstraumen) mellom fastlandet i nord og Storholmen. Heggestraumen bru krysser Heggestraumen mellom Storholmen og Kasholmen. Dei to bruene blei avløyst av Straumsbrua i 2004. Skodjestraumen bru har eit spenn på 57 meter og seglingshøgde 14 meter, mens Heggestraumen bru har eit spenn på 40 meter. Begge bruene er steinkvelvbruer. Skodjestraumen bru er Norges største steinkvelvbru. Bygginga av bruene begynte i 1911, og dei stod ferdig i 1919. Vegen blei imidlertid opna først i 1922. Skodjestraumen tunnel (100 m lang) er ein del av anlegget og var den første vegtunnelen i fylket. Dei to gamle bruene, gang-/sykkelfelt på Nybrua og tunnelen kan no brukast som rundtur i dette vakre kulturmiljøet.

Turbeskrivelse

Turen er rimeleg sjølvforklarande når ein først er komen til staden. Eit opparbeidd, flott utkikspunkt ligg på nordsida av straumen, kloss ved nybrua. Oppstiging til utkikspunktet kan skje både ved opparbeidde trapper, og sti med fast underlag. Frå utkikspunktet er det flott utsikt mot vest, sør og aust. Rundturen kan starte anten frå parkeringsplassen i nord, eller sør for tunnelen.Med start frå nord kan ein begynne med å gå over nybrua, På sørsida, på Kasholmen, kjem ein til tunnelopninga i sør. Så må ein gå gjennom den 100 m lange tunnelen og kjem til Heggestraumen bru. Ved å legge den bak seg, er vi over på Storholmen, og må passere Skodjestraumen bru for å kome på fastlandet på nordsida. Derifra er det god veg til å ta seg opp att til parkeringsplassen, der også utkikspunktet ligg. NB! Det mest sårbare og utfordrande punktet på rundturen er kryssinga mellom gangsti og bilveg på nordsida av parkeringsplass. Her må ein følgje bilvegen 20-30 m før kryssing ned til parkeringsplassen.

Kulturminne

To kvelvingsbruer, første vegtunnelen for biltrafikk i fylket.

Adkomst og parkering

Parkeringsplass i nordenden av den nye Straumsbrua.
Breiddegrad: 62.50467526280101
Lengdegrad: 6.621086597442627

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 123 Høydemeter

Kart

Ålesund

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
jannike madsen 104
May Johnsen Tennfjord 67
Per Egil Røshol 48
Marit Molværsmyr 47
Ingebjørg Brune 47
Gunn Spidsøe 45
Anneli Rønneberg 44
Wenche Løvold 41
Sakeela Yogalingam 35
Pathmavathy Panchalingam 33

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 38
17. august 37
16. august 30
15. august 27
14. august 64
13. august 37
12. august 33
11. august 20
10. august 41
9. august 35

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: