Stormyrhytta, Haramsøya

Ålesund
812
Besøk
3
km rundtur
blå

Kort om turen

Denne turen går til Stormyrhytta, som i utgangspunktet er ei grillhytte. Blir brukt til overnatting, sosialt samver, grilling, vaffel steiking, speling. Der er også innstallert ein vedovn. Førstehjelpsutstyr innanfor døra. Uteområdet har mange benkar og stor platting. På sommerhalvåret er det muligheit for kanopadling. Det er muligheit for å gå på skeiser. Fleire aktivitetar kjem til etterkvart. Turen opp til hytta går gjennom skog og har fleire utsiktspunkt. Her er fleire valg for turen opp til hytta, bl. anna via Varden. Her er også eit rikt fugleliv. Turen går til Stormyrhytta, du kan ta same vegen tilbake, eller utforske andre råser på fjellet.

Turbeskrivelse

Turen startar på Austnes frå byggefeltet, og går gjennom furu- og granskog. Her er fleire valg for turen opp til Stormyrhytta. Vi anbefalar å gå vegen opp til varden, og så vidare rett fram mot Røhammaren, som går langs kanten av fjellet mot Myskja. Du finn ein benk ved eit utsiktspunkt, fortset forbi denne og etter ei stund kjem du til eit vegskilje. Du skal her gå til høgre og då kjem du til Stormyra. Når du kjem opp på demninga, ser du Stormyrhytta. Følg skilt merka Stormyrhytta. 

Adkomst og parkering

På Skjeltene tek du av og køyrer Nordøyvegen. (Det er gratis å køyre Nordøyvegen fram til offisiell opning 27. august 2022 - etter det blir det bompengar.) Etter to av bruene tek du av til høgre og gjennom tunnel som kjem opp på Austnes. Parker ved hurtigbåtkaia/gamle ferjekaia på Austnes. Følg så vegen oppover til startplass i byggefeltet på Austnes, ta til høgre, så med ein gong til venstre opp Jonasvegen forbi helsehuset. Rett fram i krysset og opp til der vegen flatar ut. Sjå etter eit turskilt på venstre side rett etter hus nr. 106 i Jonasvegen.

På Skjeltene, bil er ikkje nødvendig på Haramsøya. Ingen parkeringsavgift på Skjeltene.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 3
Stigning Meter Grader
Total stigning 115 Høydemeter

Offentlig transport

Hurtigbåt frå Ålesund, Hamnsund, Storekalvøy, Lepsøy, Fjørtofta og Harøya. Buss til Skjeltene frå Brattvåg og Moa.

Kart

Turkart Ålesund 1:50000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Kåre Rudi 41
Lena Farstad 25
Anders I. Longva 21
Edda Forr 15
evaldas ruginis 13
Karin Alvestad 12
Britt Jeanette Rogne 10
Drazena Milic 10
Siv Ulla Otterlei 8
Oda Austnes 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
18. august 11
16. august 1
15. august 6
14. august 18
13. august 3
12. august 3
11. august 3
10. august 4
9. august 3
8. august 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: