Vegardvarden frå Søvik

Ålesund
356
Besøk
4,64
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen til Vegardvarden består av 50% grusveg og 50% sti/rås. På toppen er det fin utsikt over Søvika, Gamlem, Nordøyane og Ålesund. OBS: Graderinga er endra frå grøn til blå!

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du oppover i retning Gamlemsveten ca 100m og tar til venstre ved første skilt. (Grusa veg)


Etter ca ca 400m vil du møte ei postkasse, ein benk og skilt mot varden ved ei opa slette der det ligg nokre pallesekkar med ved. Ta deretter av oppover mot i retninga skiltet viser. Etter 100m kryssar du ei elv og skal deretter ta til venstre over ei myr. Myra har godt med bruer og du forblir tørrskodd.


I enden av myra møter du eit nytt skilt mot høgre.


Dei neste ca 100m er ganske bratt og på toppen av etappen finn du eit skilt der det står Vegardvarden (venstre).


Etter ca 100m igjen kjem eit nytt skilt mot Vegardvarden (høgre). Her er det slakk stigning men veldig godt merka og opptrakka heilt til toppen. På toppen finn du ein benk, ein varde og ei postkasse samt god utsikt over Søvika, Gamlem, Nordøyane og Ålesund.

Adkomst og parkering

Kjem du frå Brattvåg, køyr gjennom Søvik sentrum og mot Hamnsundet. Køyr forbi småbåthamna og ta av til venstre der vegen svingar til høgre langs fjellfoten mot Hamnsunddet/Grytestranda. Kjem du frå Grytestranda: Ta av til høgre rett etter den lange svingen langs fjellfoten frå Hamnsundet. Følg grusvegen oppover mot fjellet. Etter nokre hundre meter kjem du til ein garasje. Ta til venstre og parker på oversida av garasjen. Parker ikkje framfor garasjeporten.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 2,2
Lengde tur/retur (km) 4,64
Lengde en vei (km) 2,32
Stigning Meter Grader
Total stigning 272 Høydemeter

Offentlig transport

Næraste busstopp er Søvik skule. Fra stoppet går du sørover i ca 100m og tar til venstre ved skiltet mot Gamlemsveten.
Følg denne vegen til du møter eit vegskille med to grusvegar. Du skal gå opp til venstre for å finne parkeringplassen ved ¨garasja¨. Her startar turen.

Spesielle forhold

Det er ein 200 år gammal steingard som frå gammalt av delte Søvika frå Gamlem ca 300m frå toppen.

Kart

Ut.no, Gule sider Kart og Google Maps

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ann Kristin Mathisen Johnson 10
Toril Gamlem 5
Astrid Haukås 5
Vibeke Røed 4
Nina Aarseth 4
Ann Katrin Hjelle 4
Lise Søvik 4
Bente Emma Austnes 4
Kristian Søviknes 3
Hanne Lene Fiskergaard 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 1
9. august 8
8. august 3
7. august 2
31. juli 4
29. juli 3
28. juli 6
27. juli 8
26. juli 1
24. juli 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: