Lebergsfjellet frå Fjellstova (ny)

Ålesund
285
Besøk
5,8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Fin tur i ope landskap med god utsikt i småkuppert terreng. Frå toppen ser du Brustinden, Ystetinden og Sprovstinden på Vestnessida av Ørskogfjellet. I aust ser du Høgsvora og Giskemonibba. I sør ser du Storfjorden og fjella langs den. Lengst i vest ser du øyane rundt Ålesund. Du har også flott utsikt mot Solnørvassdraget og Akslevollvatnet.

Turbeskrivelse

Start ved Fjellstova og gå grusvegen nedover mot Løken. Her er det bomveg så du kan også køyre, men det er berre nokre hundre meter. Du møter snart skilt til Lebergsfjellet. Ta av til venstre her og følg merkepinnar heilt til toppen. Terrenget er småkuppert og går over ein del myr. Det kan vere ganske vått, men variert terreng oppover.


Det går også ein grusveg opp til Lebergsfjellet. Her kan du gå med barnevogn med store hjul. Dei brattaste partia har laus og grov grus/pukk. Merk at det er dårlege parkeringsforhold ved starten på grusvegen.

Adkomst og parkering

Køyr E 39 nordover frå Sjøholt sentrum mot Ørskogfjellet. Parker ved Fjellstova.
Fjellstova: avgift berre om vinteren.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,8
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 318 Høydemeter

Offentlig transport

Ja. Fram ekspressen går forbi kvar time.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Ann-Karin Håvik 8
Jarle Grønningsæter 3
Odd Endre Fugelsnes 3
May britt Bolwerk 3
Adina Nicu 2
Ronny Hjelle 2
Torild Gåseidnes 2
Vasile Nicu 2
Stine Urke 2
Mette Kvalen 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
10. august 1
9. august 1
7. august 8
6. august 2
5. august 7
4. august 2
31. juli 1
30. juli 8
28. juli 1
27. juli 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: