Turmålet er lett tilgjengeleg med grusveg og gruslagt sti.
Det er viktig å kle seg etter ver og føreforhold. Det vert ikkje strødd eller brøyta til turmålet. Ein er sjølv ansvarleg for å vurdere føret, og om turen let seg gjennomføre.
Frå Møteplassen/gravstedet ved Breidalen går ein ca 300 meter bort til ein grusveg merka med Stikk UT! skilt. Hald til venstre og følg vegen opp til "fjellkanten" Breidalsaksla, og følg den flotte gruslagte stien heilt opp til Lomstjørna. Ved turmålet er det eit vatn og ein sitjebenk. Om føret tillet det kan du gå stien heilt opp til Harøyburet.
Det er ikkje opparbeida parkeringsplass ved turmålet. Vi ber folk om å ta omsyn- gå eller sykle gjerne til startpunktet for turen. Det er mogleg for 5-6 bilar å parkere sør for Møteplassen, den grusa delen som ikkje er asfaltert. Parker på ein slik måte at du ikkje hindrar trafikken på staden.
Lengde i km | |
---|---|
Asfalt | 0,3 |
Total lengde rundtur (km) | 4,31 |
Stigning | Meter | Grader |
---|---|---|
Total stigning | 129 | Høydemeter |
Ta ferje frå Brattvåg og gå ca 10 minutt til start for turmålet.
https://www.fjord1.no/Ruteoversikt/Moere-og-Romsdal/Brattvaag-Dryna-Fjoertofta-Haroeya
Navn | Besøk |
---|---|
Anita Husøy Harnes | 92 |
Per Sturla Sandoy | 82 |
Alvin Husøy | 78 |
Marit Nielsen | 76 |
Sigmund Finnøy | 76 |
Andreas Husøy | 67 |
Palmar Harnes | 43 |
Sylvi Hersel | 35 |
Heidi Viken | 33 |
Espen Myklebust | 32 |
Dato | Antall besøk |
---|---|
18. august | 13 |
17. august | 17 |
16. august | 7 |
15. august | 12 |
14. august | 15 |
13. august | 13 |
12. august | 13 |
11. august | 8 |
10. august | 8 |
9. august | 11 |