Blåskjerdingen (ny)

Ålesund
260
Besøk
6
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner 1/6. Det er for mykje snø på toppartiet

Kort om turen

Blåskjerdingen (1061 moh) er det høgaste fjellet i kommunedelen Haram. Den karakteristiske kløfta mellom sør- og nordtoppen, som er synleg rundt om i heile distriket, vart mellom anna nytta som orienteringspunkt for meda fiskarane brukte før i tida. Toppen på sørsida er eit langstrakt platå som består av storblokka ur, medan nordtoppen er spiss. Ein stor steinvarde, med innebygd trimpostkasse, er reist på det sørlege topp-platået. Det er ei storslagen utsikt i alle retningar. For dei ekstra modige, utan høgdeskrekk, går det an å gå over kløfta mellom toppane og over på den åtte meter høgare nordtoppen.

Turbeskrivelse

Kryss hovudvegen og fortsett oppover langs traktorvegen. Snart kjem ein til eit kryss der ein skal fortsette rett fram. I neste kryss må ein vere påpasseleg å ta til høgre. Følg traktorvegen nokre hundre meter til. Ein kjem då til ein steinbenk på venstre sida der ein raud F er måla på ein stein. Ta då til venstre og følg råsa, som er merka med raudmåling på pinnar eller steinar, i god stigning oppover. Når ein passerer skoggrensa kjem ein til ein steinvarde. Herifrå er det berre å følgje den tydelege råsa vidare. Så langt som råd er råsa lagt der det er vegetasjon. Når ein startar på ura må ein sjå godt etter dei raude F-ane. Mot slutten av ura dreiar råsa først mot venstre, så til høgre igjen. Her er det storblokka ur, og det er eit vidt område med ur på topp-platået der varden står. Det er trimpostkasse i varden.

Adkomst og parkering

Køyr mot Vatne sentrum og følg vidare Vatnevegen, så Vatnedalsvegen, mot Fiksdal (Vestnes). Eit lite stykke forbi busetnaden på Krogsætra kjem ein til ei ferist, og like forbi den er det parkeringsplass på høgre sida med plass til fleire bilar.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 850 Høydemeter

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Eva Marie Kvalvik 3
Benjamin Sjøblom 3
Eilen Lundberg 2
Vibeke Aarseth 2
Sharon Svendgård 2
Inger Viken 2
Øyvind Benoni Hessen 2
Trude Finnanger 1
kristin sunde 1
Tor-Helge Eggum Aanes 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
15. august 3
14. august 11
13. august 1
12. august 2
10. august 3
8. august 10
7. august 15
4. august 1
2. august 3
30. juli 8

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: