Steinsetsetra - Orkidevegen (ny)

Ålesund
1224
Besøk
6,44
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen til Steinsetsætra går på sætreveg med jamn stigning, med eit par bratte parti. Langs sætrevegen er det mange orkidéar. Turen passar for alle.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen i Sætrevika på Fylling følgjer du sætrevegen oppover med relativt jamn stigning. Når du kjem til eit vegkryss tek du til venstre mot Steinsetsætra. Her startar "orkidévegen". Vegen held same høgde ei stund bortover skog- og myrområde med relativt mange orkidéar av nattfiol, skogmarihand og flekkmarihand. På tur i månadskifte juni/juli er det mest truleg at du ser flest av orkidéane på denne strekninga om du ser deg rundt langs skogsvegen. Det er svak stigning dei siste 100 høgdemetrane opp til Steinsetsætra. Du kan snu der, eller gå vidare på skogsveg til Brautesætra ved Mevatnet, og utforske traseane til skiløypene vidare. Steinsetsætra er starten på eit større samanhengande område med fleire vatn, myrar/våtområder, furuskog og sætremiljø. 

Adkomst og parkering

Det er offentleg parkringsplass ved Engsetdalsvegen i Sætrevika, om lag 3 km frå Skodje sentrum. Det er ikkje parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 6,44
Lengde tur/retur (km) 6,44
Lengde en vei (km) 3,22
Stigning Meter Grader
Total stigning 156 Høydemeter

Offentlig transport

Det går buss tidleg om morgonen og om ettermiddagen.

Spesielle forhold

Ved parkeringsplassen, på andre sida av Engsetdalsvegen, 50 m mot Fylling, ligg ein offentleg badeplass med toalett. Kanskje ein plass å avslutte ein tur til Steinsetsætra?
Elles er det råd å ta seg vidare inn i det flotte området rundt Svarteløkvatnet.

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Reidun Skaue 29
Rune Vinjevoll 13
Tone Fylling 13
GEIR HELGE NES 13
Eldar Myklebust 12
Geir Ove Leite 10
Kjetil Johnny Vindenes 9
Tommy Skodje 9
Sverre Jørgensen 7
Janne Aamelfot 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
12. august 4
11. august 2
10. august 14
9. august 7
8. august 7
7. august 15
5. august 12
4. august 2
3. august 3
2. august 6

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: