Kleivahammaren frå Kleiva i Eidsdal (ny)

Fjord
190
Besøk
1
km rundtur
grønn

NB! Stikk UT!-posten åpner 20/5.

Kort om turen

Turen til Kleivahammaren er ein kort, men populær tur etter gammal ferdselsveg, og utsynspunktet på Kleivahammaren gir flott utsikt over nedre del av Eidsdal og tvers over dalen til grendene Rønneberg og Kilsti. Turen er lettast om du går frå Kleiva, men går du på vinter, slepp du unna ein del snø om du går frå Veiberg.

Turbeskrivelse

Frå turstart på Kleiva svingar du ned mot aust og følgjer traktorvegen/den gamle ferdselsvegen som går nedover Kleivadalen. Vegen har turskilting like nedanfor starten, og han går i skråninga ligg høgare enn sjølve dalbotnen. Fyrste del i ope terreng, så gjennom felt med lauvskog og granskog. Her svingar det av ei rås mot Veibergsætra og Storås, men du held fram nedover. Det er skilta til Kleivahammaren direkte frå ferdavegen, og du svingar av til venstre/vest og kjem ut på eit lite platå med utsyn over dalen. Dersom du vil ha ein rundtur oppatt på Kleiva, kan du svinge opp ei rås som går parallelt med ferdavegen attende til Kleiva. Men no går du over høgste partiet på åsryggen, og landskapet er opnare og friare. Fyrste del på grei rås, gjennom stor granskog. Deretter på kjerreveg opp til ei grasmark. Her går råsa i kanten av marka og på traktorveg tvers over bøen før du kjem opp til det heimste huset på Kleiva.


Dersom du vil starte turen på Veiberg, er det best å parkere på vegskuldra ved den gamle steinkvelvingsbrua på Øie, eller ved ungdomshuset Lidarheim. I tunet på Veiberg er det verre å finne parkering utan at du står i vegen for gardsdrift o.l.


Du kan gå over steinkvelvingsbrua på Øie og følgje merkt rås opp til husmannsplassen Severinbrauta. Herifrå kan du gå rett opp på gamlevegen "Kleivane", eller følgje tunvegen slik at du kjem inn på "Kleivane" litt lenger nede. Gamlevegen "Kleivane" slynger seg oppetter lia i slake svingar. Her dår du på god og tydeleg grasveg og har godt utsyn over bygda.


Der gamlevegen held fram beint opp Kleivadalen, er det skilta til høgre/vest ut på Kleivahammaren. Utsynspunktet er berre 30 meter frå gamlevegen.
Sjå turomtalen Kleivahammaren frå Veiberg her.


Du kan gå på Kleivahammaren heile året, men må vere budd på at her kan ligge ein del snø på vinterstid, særleg gjeld dette om du går frå Kleiva. Råsene/gamlevegen her ligg meir i le, og når snøen fyrst har lagt seg, vert han ofte liggande. Mange nyttar difor truger på denne turen vinterstid.

Adkomst og parkering

Vi skildrar denne turen som ein rundtur frå Kleiva, men du kan også gå frå Veiberg i Eidsdal.
Kleiva: Det er merkt parkering ved starten på traktorvegen ned Kleivane. Her er det plass til eit par bilar. Om ein avklarar med bonden i gardstunet, kan det òg vere mogleg å parkere langs vegen. Alternativt ved klubbhuset på Løvoll - då kan ein gå gamlevegen til Kleiva.
Veiberg: Her kan ein parkere på vegskuldra (eit par bilar) ved den gamle steinkvelvingsbrua på Øie, eller ved ungdomshuset Lidarheim.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 0
Lengde en vei (km) 0
Total lengde rundtur (km) 1
Stigning Meter Grader
Total stigning 109 Høydemeter

Offentlig transport

Det er lite rutetrafikk med buss i Eidsdal - kun skulebussane i skuleåret. det er difor krevjande å få turen til å passe med offentleg transport.

Spesielle forhold

Kleivane er ein av gamlevegane i Eidsdal, og her har det faktisk vore køyrt med bil. Kleivahammaren var tidlegare ein plass der ungdommen og bygdafolket samlast på jonsok og brende bål. Her har òg vore pakkefestar. Du kan byggje ut denne vesle turen med ein lengre rundtur ut lia til Storås. På vegen passerer du Veibergsætra (eit sel og imponerande murar) og Storhjellsætra (berre murar att) og Tresætra (fleire sel og fjøsar står enno).

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50:000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
monika aarset 20
peik aarset 8
Yngve Eidset 3
Jannike Veiberg 3
Ole Jonn Viset 2
Laura Schreiber 2
asbjørn aarset 2
Marit Aspehaug Loe 2
Nils-Peter Jangaard Loe 2
Anne Sofie Aarset 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. august 6
16. august 2
15. august 1
14. august 3
12. august 3
9. august 1
8. august 2
6. august 2
5. august 1
4. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: