Flåna frå Kilsti (ny)

Fjord
62
Besøk
8
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner 1/6.

Kort om turen

Turen til Flåna går i variert terreng. Heile turen ligg innanfor verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Flåna er eit særprega område med myrtjønner og gammal furuskog. Vakker fjordutsikt undervegs.

Turbeskrivelse

Du startar frå p-plassen på Kilsti og følgjer merka og skilta rås direkte opp frå parkeringa, over eit myrdrag før du kjem inn i opne bjørkeskog. Lett vandring opp til vatnet før du følgjer stien på austsida av vatnet. Du går omlag 100 meter forbi ei lita bukt med eit nasut før du svingar av på sti mot nord i eit råsdele. Her kryssar du ei myr før du går bratt oppover mot Blåhornet. Stien deler seg like etter ei myr, mellom to kollar. Her held du fram over heia mot nord, før du dreiar nordvestover ved ein kraftstolpe. Stien held seg i lisida på Blåhornet før han svingar nedatt på nokre myrdrag og rundar over ein kolle. På det høgste punktet her møter du òg råsa som kjem brat ned frå nordsida på Blåhornet.


No er det unnabakke nokre hundre meter, og du går langs ein rygg på fine berg og har flott utsyn mot fjorden. Stien svingar ned mot myrtjørnene og endar ved ein turpost nordvest på Flåna-området.


Fleire parti brukar å vere våte på denne turen, og det er lurt å bruke fjellsko om du vil halde deg tørr på føtene.

Adkomst og parkering

Følg fv63 frå Eidsdal sentrum mot Geiranger. Etter om lag 6 km svingar du av på kommunevegen og følgjer skiltinga til Kilsti. P-plassen ligg 3,9 km frå avkøyringa til Kilsti/Rønneberg, og her er det plass til 15-20 bilar.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0
Fast grus 0
Lengde tur/retur (km) 8
Lengde en vei (km) 4
Total lengde rundtur (km) 0
Stigning Meter Grader
Total stigning 223 Høydemeter

Offentlig transport

Få ruter mellom Eidsdal og Geiranger gjer det vanskeleg å basere seg på offentleg transport. Til Kilsti går det berre buss når det er skuledagar (kun skulerute).

Kart

Turkart for Norddal 1:50.000

Flest besøk Sommer

Navn Besøk
Hilde Blindheim Hesthaug 4
Gunnvor Helle Hole 2
Sindre Ringdal 1
Hanne Ravnskog Moldskred 1
Grethe Lotte Austrheim 1
Elisabeth Døving 1
Sindre Furuli 1
Magnus Lutman 1
Alexander Marius Johannessen 1
Jenny Ann Ohna 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
8. august 2
2. august 3
1. august 1
30. juli 4
29. juli 2
28. juli 3
25. juli 2
23. juli 3
19. juli 4
18. juli 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: